mandag 9. mai 2011

Finaste helga

Nokre helger er betre enn andre.
Dette har definitivt vore ei av dei betre på lang tid.

Våren er balkongtid  - i år som i fjor...

Me har vore på loppemarknad, eg viser skattane i anna innlegg snart... På balkongen har me nytt fantastisk fint vêr, og lytta til fuglesong. Steikt vafler ute, drukke kaffe og sjølvsagt drøymt om huset vårt. "Eg vil ha stort kjøkken!" "Masse vindauge!" roper eg entusiastisk. Mens han som sit på andre sida av bordet, tenkjer meir på romløysingar og antal kvaderat. Eg lurer på om me kjem i havn ein vakker dag, og om me får eit resultat som alle tre er nøgde med.



onsdag 27. april 2011

Bryllaupsfestivitas

bilete lånt frå dailymail.co.uk


Klar for prinsar og prinsesser i finstas, 
London i bryllaupsrus!

Eg er lova champagnefrukost 
og diadem på dagen.

London, Baby!!
LONDON!



Påskeslutt


Påsken er over for denne gong, me har hatt nokre fantastisk fine dagar på fjellet i lag med familien.
Det var lite snø, men det gjorde ingenting.
Alle fekk i allefall gjere som dei ynskja.
Nokre lata seg og sov heile dagane,
andre sov ikkje (les:  veslemor).
Elles kort oppsummert påske:  
 lesing, speling, litt aking, turar, soling og grilling.
Espumifiseringa må ikkje gløymast.
Viktig.
Vellukka med andre ord.

Kva gjorde mine lesarar i påsken?

torsdag 14. april 2011

Visionboard


Me var på besøk hjå vennar i går, der fekk eg sjå eit visionboard.
No er eg inspirert, og har lyst å lage eit sjølv over ulike hus eg liker.
Dette er eit av dei, her bur familien Cullen i filmen Twilight.
Elskar dei store vindaugene,
og at det består av både tre og mur.

** Draume, Draume **

onsdag 13. april 2011

Dissing

Dissing i fjor - det er visst like skøy i år!

Årets fyrste dissing er unnagjort,
det var endå kjekkare i år enn det var i fjor.
Makan til jubel
og sprelling,
eg klarte nesten ikkje halde fast trulta.

tirsdag 12. april 2011

Snart påske


Kjære mormor -

Snart er det påskeferie og me skal på Seljestad,
i år er ikkje du der.

Det beste med påsken før var hyggen på Gamlestøl.
Klumpete potetstappa og pølser smakte alltid ekstra godt på hytta.
Lese i hytteboka og gamle Romantikk.
Strikka ein halv sokk med restegarn, eg vart sjeldan ferdig.
Påskerenn og latter.
Drikka verdas beste vatn frå elva og snika snop i skapet.
Yatzy og kort om kveldane.
Kryssord.

Takk for alle dei fine minnene.
Eg tenkjer ofte på deg,
det vert ein rar påske.  

  

mandag 11. april 2011

Vårteikn


Om våren vert alt mykje meir fargerikt.
Også fotavtrykka til vesla.


søndag 10. april 2011

Kveldskos

Kvar kveld har me ei kosestund, då les me bøker. Vesla er like glad i desse seansane som oss, det er stas å få lese gjennom gode gamle klassikarar med eit lydhøyrt publikum som ho.

I dag var det Den vesle tigeren og bjørnen me kosa oss med.


Eg simpelthen elskar desse historiane, og lev meg inn med den med mi beste fortellarstemme. Historiane er så fine, og eg ler meg skakk av alle finurlighetane. I kveldens historie laga tigeren og bjørnen sin eigen telefon:

"Hallo tante Gås, det er din vesle tiger som ringjer.
Høyrer du meg, tante Gås?
Ja, det er eg, tigeren med den vesle tigerhalen bak,
nevøen din".

Ekstra plusspoeng for nydeleg, nydeleg nynorsk bruk!

onsdag 6. april 2011

Spytteprat

"Kom igjen, spytt", etterfulgt av jubel når ynskjet vart innfridd.
Pappa pussa vesla sine tenner.

Eg stod og såg på desse to viktigaste personane i livet mitt.
Korleis klarer han å skape så mykje innlevelse i tannpussing?
Eg er litt usikker på akkurat det.

Men det eg veit er at ein slik rar ting har gjeve meg lukkekjensla i dag.

torsdag 24. mars 2011

Dicke Dick Dickens

Kongen på haugen og den aller farlegaste mannen i Chicago ! 

Såg Dicke og Effie på teater i går, og det var aldeles fantastisk! Til alle som er litt interessert i teater - og radiohøyrespel: de må gå å sjå det. Fantastisk samspel mellom dukker og levande menneske, heile stykket var løyst på ein humoristisk og god måte. Eg lo heile vegen heimatt.

tirsdag 22. mars 2011

LykkeLi

                                                                                        Bilete lånt i frå www.glowlight.com.au


Toppen av lukke på slutten av ein laaaaang måndag?

Fitness fusion - Glowstick special på Elixia, akkopagnert av Lykke Li "I follow rivers".

Alle stod og dansa med lysande armeband, slitne og smilande.

Fiiiiiint.

torsdag 10. mars 2011

Minner frå Usa- turen

Eit innblikk i turen vår...

onsdag 9. mars 2011

Vendepunktet

Det er andre gongen me har vore i Usa, tredje gongen me har truffe folka frå teamet på FHC.
Det har vore fantastisk. Det har vore vendepunktet i familien vår. Etter me traff Matthew, Carol, Greg, Andrea, Dr.Bernardo og Donna så har alt endra seg - eller eigentleg så endra det seg litt allereie då me høyrde om dei.

Då vesla var seks månedar gamal såg det som svartast ut for ho, og dermed også oss. Hennar framtidsutsikter var dårlege, og det var vanskeleg å svelgje når ein lege sa rett ut at ho kunne gløymast, få eit nytt barn i staden. Når du sit med det vakraste velse jentebarnet i armane, og du kjenner kjærleik, men også redsel, frykt og engstelse - korleis kan ein nokon gong gje opp?

Eg hugsar heile den sommaren som grå, kald og våt - det regna og regna. Eg prøvde desperat å få i ho mat, og taktikken var å bruke vippestol, synge og alt anna som kunne få avleda merksemda hennar slik at det sklei inn noko graut i den medisinerte kroppen. Eg amma og ho beit. Eg trur ikkje me såg spesielt lukkelege ut, heller fullstendig utslitne og redde. Svigermor mi nemde så vidt Doman og Liveåtte, så var det i gang. Me googla og googla, og me byrja lese alt me kom over - og mens me gjekk trilleturar for å lokke fram svevnen hjå frøkena, byrja me å draume og håpe.

Det er eg så uendeleg glad for i dag. Frøken Dings er ikkje berre på veg fram og opp, men resten av familien har det også betre. Det er godt å kunne føle at ein har kontroll og styring sjølv.

Ps. 2 år og 4 mnd gamal har ho byrja å lese.
Kvifor skulle me gje opp?

JET LAG

Eg skriv det med store bokstavar, Frøken Dings har JET LAG. Me kom heimatt på sundag, men ho er framleis i villreie på tida. Ho har lagt vaken kvar natt, og i går sovna ho overalt midt på dagen. Etter fyrst å ha sovna frå leik på golvet, deretter i badekaret prøvde eg å leggje ho i senga  - nei, takk mamma!

Me er enno ikkje ferdig utpakka, og eg har mykje å fortelje om dagane i Usa. Men akkurat no er det litt andre ting som må prioriterast. Ein stykk skrikarunge, f.eks.

torsdag 3. mars 2011

A family with hope



1. dag på instituttet er over, det har vore ei intens, men flott oppleving denne gongen også. Me vert hjarteleg mottekne, folka som jobbar der er så flotte og positive. Det er alltid fokus på det ein får til, og det som er positivt, ikkje på kva som ikkje ser bra ut.

Testane i dag såg bra ut på mange områder, det er kjekt når det går framover - og me fekk mykje skryt for innsatsen me har gjort. No ligg me slagne på sofaen alle saman, me har 20 minuttar med DVD som skal sjåast til i morgon. Og nye 10 timar på instituttet framføre oss - best å vere utkvilte. 

Det hjelper på med ostekake frå Cheesecake factory for å få motivasjonen på topp :0) 

Me er glade og nøgde - 
og let for all del ikkje vesla suse rundt aleine med Frøken Fryd (assistenten) - 
dei kan finne på å kome attende med godteri og ein kvalp,
som de ser.....