![]() |
| Eit lite stykke av italiensk lukke Her skal me nyte livet ei veke i september, hoho! |
torsdag 3. mai 2012
onsdag 2. mai 2012
tirsdag 1. mai 2012
Bestevennar
| To fine bestevennar |
Me hadde besøk av ei kjekk jente i helga, ho kallar seg både storesøster og bestevenn - eigentleg er ho vel ein god blanding. Den tidlegare assistenten vår fulgte oss gjennom tjukt og tynt i Oslo eitt år, og vart deretter med vidare til Sunnmøre i fjor haust. No er ho attende i storbyen, heldigvis har ho ikkje gløymt oss. Me gløymer ikkje ho heller, kjekkaste jenta!
mandag 30. april 2012
Far steller heime
| 2/ 3 av det intensive treningsteamet |
Siste dag med pleiepengar i denne familien. Det var godt så lenge det varte. Dei siste månadane har me jobba mykje med å prøve finne nye, gode løysingar for kvardagen og den intensive treninga. Me har ringt og sendt e-postar til politikarar, vore i kontakt med aviser og fjernsyn, fått nokre artiklar i Sumpen. Me har fulgt opp politikarane når pleiepengar vart tatt opp i spørretimen i Stortinget, prøvd å legge press på. Har klaga på NAV- vedtaket. Lagt vaken om nettene og tenkt.
Me har fått til ei slags løysing. Eg må byrje i full jobb igjen, og Mr. Sambuar / Mann / Husbond (soon to be) har valgt å ta permisjon i frå Dr.grada si. Han får no 60 % stilling frå kommunen for å ta seg av treninga til vesla, me kjem til å stå med mindre inntekt, men opplegget rundt ho vil i allefall vere solid og stabilt.
Vonar at det vil løyse seg med pleiepengar når Kaasa- utvalet er behandla i Stortinget om nokre år. Eg er forbanna og oppgitt over at me som familie skal ha mindre inntekt, når me gjer ein stor innsats for å betre livsvilkåra for jenta vår. Ein jobb som eigentleg burde vore gjort av det offentelege, men dei har ikkje noko reelt tilbod slik situasjonen er no. Det kan ikkje måle seg med det me gjer vesla vår. Kvifor skal ikkje me få betalt for den jobben? Kvifor skal me skvisast frå alle kantar, forstår ikkje kommune og stat at dei slit oss ut når dei lessar oss ned med papir, avslag og kampar me må ta for å få det me har rett på? Dei siste månadane med pleiepengar har me faktisk ikkje kunna hatt så mykje fokus på sølve treninga, kjempinga for den alternative løysinga har tatt frykteleg mykje tid.
-
Herremannen min, eg er stolt av valet ditt. Eg trudde du kom til å verte ein god far når me fekk barn. Det viser seg at du er fantastisk! Eg er så glad for at det er deg eg kom i dette uføret i lag med.
søndag 29. april 2012
Åh, skatten min!
lørdag 28. april 2012
På betringens veg?
Dei siste månadane har vore harde. Vesla har vore i veldig dårleg form, frykteleg stiv i kroppen og magen har ikkje fungert slik den skal. Det har sjølvsagt gått ut over søvnen. No har aldri vesla vår vore så glad i å sove, men når det betyr at me sit oppe halve eller heile nettene med ein grinete unge, over fleire månadar, så er det klart at ein mistar litt motet sjølv også.
Den framgangen me hadde sett, stoppa plutseleg opp, ho har hatt nok med å vere i kroppen sin. Fokusere på å ikkje ha det vondt. Det slo meg i dag, at me ikkje har lest i bøker og leika med instrument dei siste månadane. Ting ho liker godt. Ingen har orka.
På onsdag avslutta me ein kur ho har gått på, og me har mistenkt at den kunne vere medvirkande til problema. I går var plutseleg humøret heilt annleis. I natt har ho sove 11 timar samanhengande!!!!! Og absolutt alt ser litt lysare ut. Det skal ikkje så mykje til :)
Eg håpar den dårlege perioden er over, den treng aldri aldri kome attende til oss. Dette er slik me treng å sjå jenta vår og det er slik ho treng å ha det sjølv.
Den framgangen me hadde sett, stoppa plutseleg opp, ho har hatt nok med å vere i kroppen sin. Fokusere på å ikkje ha det vondt. Det slo meg i dag, at me ikkje har lest i bøker og leika med instrument dei siste månadane. Ting ho liker godt. Ingen har orka.
På onsdag avslutta me ein kur ho har gått på, og me har mistenkt at den kunne vere medvirkande til problema. I går var plutseleg humøret heilt annleis. I natt har ho sove 11 timar samanhengande!!!!! Og absolutt alt ser litt lysare ut. Det skal ikkje så mykje til :)
Eg håpar den dårlege perioden er over, den treng aldri aldri kome attende til oss. Dette er slik me treng å sjå jenta vår og det er slik ho treng å ha det sjølv.
torsdag 26. april 2012
Drøymehuset
Kjøttmeis observert med reirmateriale i nebbet.
Den flytta rett inn i det vakre huset som vart satt opp førre helg.
Det næraste eg nokon gong kjem funkishus, sikkert.
torsdag 19. april 2012
Dragefrukta reddar dagen!
I det siste har det vore uoverkommeleg å skrive på bloggen. Me har hatt hendene fulle av veslejenta, bokstaveleg tala. Magen virkar ikkje slik den skal og det har vore ei utfordring i fleire månedar no. Den siste tida har dette slått ut kroppen hennar også, den har vore stiv og lite samarbeidsviljug. I går fekk me eit tips om å prøve dragefrukt. Det er rart, men det ser ut til å ha ei god innverknad både på mage og stivheit, dagen har vore god.
Her sit eg klokka 20.45 og vesla søv. SØV!! Det er lenge mellom kvar gong eg opplever slikt, så no skal eg berre nyte det.
Oppdatering: Ho vakna ein halvtime etterpå... Men ho er i allefall betre i kroppen enn ho har vore på lenge.
fredag 23. mars 2012
Hvem sa . . .
Men hvem sa at dagene våre
skulle være gratis?
At de skulle snurre rundt
på lykkehjulet i hjertet vårt
og hver kveld
stoppe på gevinst?
Hvem sa det?
Hvor hadde vi dét fra?
Hvem sa at livet vårt
skulle være lett å bygge ferdig?
At mursteinene var firkantede ballonger
som føk på plass av seg selv?
Hvem sa det?
Hvor hadde vi dét fra?
Der var piller for alt: nerver,
vedvarende hoste og anemi.
Men hvem sa at snarveiene
støtt var kjørbare? At fjellovergangene
aldri snødde til? Og at nettopp vi
skulle slippe å stå fast i tunnelen?
Ja, hvem sa det?
Hvor i all verden hadde vi dét fra?
Kolbein Falkeid
torsdag 15. mars 2012
Walker
Frøkna øver seg på å gå i Walker
Det siste året har me hatt dette hjelpemiddelet ståande heime, det har tatt masse plass og eigentleg berre vore i vegen. Me har ikkje brukt det i det heile. I vinter har me kvitta oss med ståskallet, og bestemt oss for å prøve walkeren i staden. Førre veke hadde me besøk frå nokon som justerte det. No fungerer det ganske godt, ho trives når ho kjem på at ho ikkje treng å grine lenger.
tirsdag 13. mars 2012
Kaptein Sortebill
Nei, me har ikkje leika karneval heime -
det er koltablettane som skal hjelpe for magen som ser så grusomme ut.
Ho var nøgd berre me sang songen om Sortebill, vesle frøkna.
Hehe..
tirsdag 6. mars 2012
Beretninger om begynnelser
På torsdag i førre veke såg eg eit ansikt i fjernsynsruta, ei kvinne eg ikkje hadde sett på tre år. Det sugde meg automatisk inn i dokumentarenserien Beretninger om begynnelser.
Jordmord
Me møtte Nina og Målfrid då me låg på Obs.posten på Ullevål. Du var nyfødd, me var kasta ut i eit reint helvete der kontrastane var så enorme. Gleda og forventningane over å verte foreldre kontra alvoret og krisa. Me visste rett og slett ikkje om du kom til å overleve. Å sjå film frå avdelinga vekkjer minner som eg mest ikkje visste at eg hadde.
Angsten for pipa som oppkallinga på personsøkjarane til legane gjev. Duren av dispensarar med antibac. Dei alvorlege samtalane med Nina, Målfrid og dei andre på avdelinga.
Den lange, lange, lange gangen der eg ein gong gjekk med kroppen full av innsovingsmedisin. Eg måtte ned til deg, det stod alvorleg til. Eg trudde du kom til å dø før eg rakk fram.
Å vakne midt på natta og håpe at ein er død sjølv.
Panikken som greip meg då dei i serien trilla ei av mødrene inn på føden. Eg hadde nemleg ikkje tenkt på at det kunne vere "vår" jordmor som var der som fødselshjelpar. Det er best å ikkje vite kva ho gjer i dag.
Legane på føden, så trygt alt ser ut. God oppfølgjing.
Eg kjem nok alltid til å tenkje at eg ikkje forstår kvifor det ikkje kom nokon til oss den gongen. Eg kjem nok aldri til å få eit godt svar på det. Eg kjem nok aldri til å kome over det heller.
Eg kjem nok alltid til å tenkje at eg ikkje forstår kvifor det ikkje kom nokon til oss den gongen. Eg kjem nok aldri til å få eit godt svar på det. Eg kjem nok aldri til å kome over det heller.
Uansett, serien er viktig. Eg tenkjer det er viktig å vite at alt ikkje alltid går bra for andre enn oss også. Den viser litt korleis me opplevde livet når me vart foreldre. Når lukka vert snudd til fortviling, og ein finn seg sjølv att i eit kaos ein ikkje finn vegen ut av.
Neste episode går på tv2 på torsdag. Eg forsetjer mi bearbeiding då.
Ps. Eg skriv stadig og ubevisst feil, det vert alltid Jordmord -
og frå no av trur eg at eg berre skal late det stå slik.
Jordmord
lørdag 25. februar 2012
torsdag 23. februar 2012
Parkeringsplass
i dag har me endeleg fått ekstra parkering ved huset vårt.
No kan me ta i mot besøk, utan at me treng å tenkje på parkeringsplassar.
Hurra!!
onsdag 1. februar 2012
Roma Amor
When the moon hits the sky
like a big pizzapie
that`s amore -
I den evige stad 2012
feirer me kjærleiken.
Eg kan nærmast ikkje venta!
Abonner på:
Innlegg (Atom)



