Det siste halve året har eg kjent at treninga har gått trått, me har slitt med lite søvn og mange dårlege dagar. Treninga har svinga mellom gode og dårlege dagar, men stadig har det blitt for lite. Det blir det alltid.
Kanskje kjem det av lite søvn, graviditet eller at eg rett og slett har stått midt oppi alt og ikkje løfta blikket;
men i dag innsåg eg ein ting: det siste halve året har det jo vore ei fantastisk utvikling for jenta vår.
1) Ho har bryja å le, stadig meir og det har utvikla seg til å bli sosialt. Der det før var store smil, ingen lyd og nesten latter - der gapskrattar ho no. Verdas finaste lått, sjølvsagt!
 |
| Ei anna tid (2011), ein annan stad... |
2) Synet er betydeleg betre. Eg har merka det dei siste vekene, det er blitt meir tydeleg for meg. Ho har aldri vore noko interessert i ansikt før, har ikkje sett dei. På sundag kom eg heim etter å ha vore vekke frå ho i fire dagar, ho ser på ansiktet mitt og ler. Eg laga ikkje ein einaste lyd likevel kjenner ho att mor si og gler seg!
Det er ei fantastisk kjensle! Eg vil berre rope på verandaen: "Hoho, jenta mi kan sjå meg!"
Etter fleire år med intens trening kjem desse tinga på plass, ting som er sjølvsagt for alle andre enn oss. Då me starta FHC såg vesla vår berre svart / kvitt kontrastar, ho var ikkje synsaktiv desto meir interessert i lydar. Norsk helsevesen kunne tilby briller men det er jo ikkje det som er problemet, fysisk sett er augene hennar gode. Det er koplingane i hjerna som er utfordringa. Og no skjer det altså noko. Me set så stor pris på å få oppleve dette. Det gjer alle timane med intensiv stimulering vel verdt det!
Eg feira dagen med å lese ei historie om "Henrik And" for jenta mi og til mi store glede fulgte ho interessert med både på bileta og historia. Me er på veg!