onsdag 18. desember 2013

Det nærmar seg jol

Med stormskritt nærmar det seg jol.
Har ikkje spesielt kontroll på noko som helst i
det høve. Har vore på sjukehuset kvar dag denne veka.
Ho er innlagt igjen.  
4. gongen på tre veker me er på sjukehuset no.
Magen finn me ikkje heilt ut av,
sjølv om det kjem opp nye ideèar jamnt.
 
I dag har ho ete liggjande over fanget mitt,
strekt som ein planke.
Legane snakka om at ho er betre og vil sende ho heim i morgon.
Eg vil ikkje ta med meg heim ein unge som ikkje kan sitje
i stolen  sin fordi ho er stiv av stress
og har det vondt.  
Ho skjærer tenner og det er tydeleg at forma er langt frå topp.
I kveld kom det kirurg og såg på ho,
han var stressa og likte ikkje det han såg.
 
Jol blir det sjølv om me ikkje ventar på den.
I morgon skal eg prøve å få kjøpt inn noko av
jolestemninga,
reknar med frøkna får kome heimatt før jolafta.
Best å handle før ho kjem sidan eg ikkje anar korleis forma hennar er.
Er ikkje sikkert det er så lett å forlate huset når ho er heimattkomen.
Sjukemeld assistent har me også,
så eg trur ikkje me har ekstra hender i helga.
 
Dei som ikkje har sjuke ungar,
eg trur ikkje dei veit kor godt dei har det.
Normaltid i adventsmånaden -
eller kva tid som helst -
det skulle eg gitt mykje for!
 
 
 

mandag 11. november 2013

Oktober 2013

Eg har grine mykje i det siste.
Eg har skrive mykje i det siste, det viser berre ikkje att her. 
Det har vore notatar til meg sjølv, meir som dagbok, eigentleg.
Nokon held tak i hjarta mitt og knip hardt.
Eg skriv, slik at eg kan puste. 

Det kjennes ut som alt raknar.
Jenta vår er dårleg igjen. Veldig dårleg.
Eg er heilt fortvila over magen og slimet. Me er heilt fortvila båe to eller eigentleg alle tre. Det er søren ikkje lett å vere ho om dagen. Dei siste tre vekene har det berre gått nedover. Det kjennes som det aldri skal sleppe taket med alle desse problema. Me glimtar ein stad i det fjerne det eigentlege jenta, ho som har det godt, som kan le masse og nyte livet. Men stort sett ser me ein frykteleg stiv kropp og smerter som ein stor del av kvardagen. Eg kjenner meg til tider motlaus og er redd for kva som ventar oss lenger framme. Kan det forsetje slik mykje lenger? Eg har ikkje hatt så mange tankar om døden tidlegare, men i det siste sveiper dei innom kvar dag. Kva om me mister ho? Er dette opptakta til noko som berre skal bli endå verre, som endar med at ho ein dag ikkje er her meir?

Det er vanskeleg å slappe av for tida.
Ho har fått nytt soverom og ligg nede der det alltid er ein vaksen om natta. Men dei timane ho søv på kvelden før det er nokon der, er eg alltid på vakt. Må ta meg i å ikkje springe ned med ein gong eg høyrer ein lyd i frå ho. Eg er så redd for å kome ned og finne ho livlaus. Eg har drøymt om det fleire gongar i det siste.
Eg kan ikkje forstille meg eit liv utan denne jenta.

Me har legar på telefonen, har tatt fleire testar, Skypa og mailar jamnleg med USA. Noreg tenkjer medisinar og skal gjere nokre fleire testar. Det tar så fordømrade lang tid å få gjort slike ting. No skal me vente til slutten av november før dei får gjort fleire undersøkjingar! USA tek av og på medisinar, av og på ulik mat. No er me i gang med litt raskare karbohydrat for å sjå om det går litt fortare gjennom systemet og kanskje det hjelper med magen? Det er stadig nye idèar, heldigvis. Kjenner det er vanskeleg å ikkje verte motlaus, men det hjelp å få snakke med dei i USA på Skype. Det gjer det meir personleg og eg prøver å grave fram nytt håp.

Samstundes skal me som om alt var normalsituasjon ta stilling til skulestart, få fart på Sit-ski prosess og få i gang hestesport ei gong i veka. Eg veit ikkje eingong om formen er bra nok til å sitje i bilsetet, men eg må berre tru at det skal ordne seg veldig snart.

Kontrastane er store når ein har ein liten frisk tass i hus på same tid. Han utviklar seg fort og er byrja rulle allereie og pratar i veg med stor innleving. Så heldig han er så er så frisk. Så heldige me er alle saman. Barnedåp til helga - og viss me er heldige er systra litt betre og klarer å delta.

torsdag 19. september 2013

Lukke


Lukka 
kan vere så mangt - 
av og til 
ein sovande baby på magen 
og djupdykk i ei god bok !


tirsdag 10. september 2013

Barseltid


Lukkeleg mor. 
Lukkeleg baby. 

Trøytte båe to. 

God natt, der ute!

lørdag 7. september 2013

På dagen i dag


er det eitt år sidan me gifta oss i Roma. 
Det var verkeleg ei fantastisk fin oppleving, 
eg kunne ikkje tenkt meg eit betre bryllaup -
ei heller ein betre ektemann! 



torsdag 5. september 2013

Oss fire mot røkla

For tida er eg så proppfull av hormonar og kjensler at det er vanskeleg å vite kor eg skal byrje å skrive. Det kom ein liten gut til oss for tre veker sidan, det var eit fint keisersnitt og bobla eg gjekk inn i  i etterkant har gjeve meg ein del rom til å tenkje. Svangerskapet har vore tungt kjenslemessig, det ser eg først no. Fokuset mitt har vore fødselen som skulle kome, forbi det har eg ikkje klart å tenkje. Tanken på framtida med endå eit lite menneske i hus fekk ikkje sleppe til, glede seg for tidleg det må ein ikkje gjere. Eg har smerteleg erfart kor vondt det kan gjere. Difor kjøpte me vogn to veker før planlagt keisersnitt, då endte me opp med ei som var ein heil del dyrare enn planlagt. Butikken hadde ikkje så mykje på lager og blei litt satt ut av kor seint ute me var. Det er visst ventetid på å få den riktige vogna, lærte eg. Eg har brukt mest energi på redsla mi og har ikkje hatt rom for dei heilt store draumane om den perfekte vogna.


Då dagen kom var eg passe hysterisk, men eg overlevde visst. Og då guten blei lagt på brystet mitt snudde alt seg. Eg kjende ein enorm lettelse og glede, og var kanskje også litt overraska. Ein gut? Eg trudde det var ei jente inni magen. Den mjuke, dunete, deilige babyen. Alt ved dette vesle menneske er så overveldande. Bollekjakar. Trutmunn. Likskapen med systra. Gleda over eit kvart rart lite ansiktsutrykk og dei små gryntande lydane.

Kor fantastisk heldige kan ein eigentleg vere? Eg kjenner meg så audmjuk over at eg har fått eit barn til. Audmjuk for at han er frisk og eg veit at det ikkje kjem med garanti.

Me er heimattkomne og det kjennes som me er ein komplett familie.
Det kjennes så riktig å vere fire, det er nok slik det eigentleg alltid har vore meint.

Oss fire mot røkla - i all æve.



søndag 4. august 2013

Alnes fyr



Denne helga har me hatt barnefri. Ja, frå ho som er utanfor magen. 
Den andre drassa eg rundt på enno, heldigvis får ein seie. 

Drass, drass.. 


Me bestemte oss i hurten og sturten for ein sundagstur, 
pakka med ein god frukost i bilen og køyrde avgarde til eit gamalt fyr. 
Den forblåste øya var verkeleg vakker i dag. 
Bonus var utstillinga med Ørnulf Opdahl sine verk, 
me har sett oss ut eit trykk (eller kanskje to?!)  me vil kjøpe når me får på plass det nye huset. 
Hoho, eg gler meg!


onsdag 10. juli 2013

Feriekjensle



Vesla og papsen har fått seg ny sykkel, 
den gir meg vibbar til Danmark og København. 
Passar fint at desse to varma opp med sykkeltur og danskestemning i dag 
me dreg straka vegen til Danmark i morgon.

søndag 7. juli 2013

Jonsokbrura vår


Denna vesle snella feira Jonsokaftan på hytta i lag med besteforeldra, onkel, tante og 
foreldra sine. Me hadde førebudd oss med å ha jonsok som tema på bileta og lesekorta hennar heile veka. Blomar har også vore tema  i det siste, 
så kva passa vel betre enn ein blomsterkrans i håret på "jonsokbrura" vår? 

Ho var i alle høve veldig nøgd med dagen sjølv - 
ho fekk oppleve eit lite jonsokbål, ete hamburger for første gong og naut merksemda ho fekk frå familien. 

Veslesøta!

lørdag 6. juli 2013

Skulle ønskje..

eg framleis hadde den same naiviteten som då eg venta barn sist. Alle dei fine tankane om framtida og livet som familie, slik som eg les om i andre bloggar og ser hjå vennar. Ting eg trudde skulle vere viktig, som ikkje er det i heile tatt lenger. 

Ein ting er sikkert: livet blei ikkje slik eg hadde tenkt det. På eitt eller anna tidspunkt blir det vel slik for alle. Eg er takknemleg for alt eg har opplevd før eg blei mor, eg trur det gir meg styrke til å stå i kvardagen. Og eg er takknemleg for at eg var så naiv då eg venta barn sist, eg er glad eg ikkje visste kva som venta meg både av utfordringar og gleder.

No tek eg ingenting for gitt. Det viser vel gjerne att her heime også. Ingenting er klart. Ikkje i hovudet mitt heller.


søndag 30. juni 2013

Trøyttesen

Klokka er snart to på natta og den vesle hønsa vår ligg over fanget mitt.. Dårleg i magen og dårleg i pusten, det heng saman for tida. No har ho vore "av og på" -  sjuk sidan 16.mai. Det har vore lite søvn i denne perioden og mykje stress, eg trur det er ekstra lett å vere dramatisk når ein opplever så mykje utfordringar.

Ho har byrja få mykje slim på lungene og eg håpar, håpar, håpar at det berre er eit virus. Det har vart lenge no og det er vanskeleg å få gjort noko med det. Me har prøvd medisinar, hostesaft og innimellom er ho betre. Eg er redd det er noko nytt som er kome for å bli, sånn når me er komne eit steg vidare på ei side så kjem det nye hinder i vegen. Noko som skal plage vesla lenge og gjere alt vanskelegare. Førre veke var betre, då slo ho til og sov fleire netter på rad. Foreldra blei menneske att og  klarte tenkje på andre ting enn ho om kvelden. Det gjekk over på sundag og no har me hatt ei veke med lite søvn att. Rekorden var då ho la seg klokka seks fredagsmorgon og sov heilt til klokka var ni. Nett nok til å halde det gåande ein heil dag!
Me er ikkje den blidaste gjengen for tida.


torsdag 20. juni 2013

Stien te verdens ende

Vi syns vi kunne se te verdens ende
og visste åssen åra ville bli
da livet pluts’lig svinga av fra veien
og tok en kronglete og ulendt sti.
Der stengte fjellet steilt på alle kantær.
Da sa du stille: ”Vi kan klatre vi.”
Vi følte kronglesti’n langs bratte stupet.
Og ingen av oss torde se i djupet.

Nå har vi føllt den bratte, trange stien
med stup på si’ene i mange år.
Det kan nok hende vi misunner andre
den strake landeveien der de går.
Det ser så lett ut, men en veit jo aldri,
og kronglestien har blitt veldig vår.
Det var den sti’n vi fikk, det hjælper ikke
å følge andres jevne vei med blikket.

Og vi har lært å ikke sture over
den rette veiens rike blomsterflor.
For det gror blomster også langs med sti’n vår,
og gleden over dem er like stor.
Ja, kanskje større, for de er så sjeldne,
en må se nøye for å se de gror.
De ligger ofte skjult blant vissne bla’er,
men duftær ekstra sterkt på fine da’er.

La gå at det kan komma vonde ti’er
da sti’n vår kjennas vanskelig og bratt.
Men den har lært oss at det vokser blomster
på både slåpetorn og nypekratt.
Og ingen ting i verden er så vakkert
som nyperoser i ei St. Hans natt.
Og når vi sitter sammen kan vi kjenne
at også vår sti når te verdens ende.

Margaret Skjelbred

onsdag 19. juni 2013

Hoho, eg blir sett!

Det siste halve året har eg kjent at treninga har gått trått, me har slitt med lite søvn og mange dårlege dagar. Treninga har svinga mellom gode og dårlege dagar, men stadig har det blitt for lite. Det blir det alltid.

Kanskje kjem det av lite søvn, graviditet eller at eg rett og slett har stått midt oppi alt og ikkje løfta blikket;
men i dag innsåg eg ein ting: det siste halve året har det jo vore ei fantastisk utvikling for jenta vår.

1) Ho har bryja å le, stadig meir og det har utvikla seg til å bli sosialt. Der det før var store smil, ingen lyd og nesten latter - der gapskrattar ho no. Verdas finaste lått, sjølvsagt!

Ei anna tid (2011), ein annan stad...
2) Synet er betydeleg betre. Eg har merka det dei siste vekene, det er blitt meir tydeleg for meg. Ho har aldri vore noko interessert i ansikt før, har ikkje sett dei. På sundag kom eg heim etter å ha vore vekke frå ho i fire dagar, ho ser på ansiktet mitt og ler. Eg laga ikkje ein einaste lyd likevel kjenner ho att mor si og gler seg!

Det er ei fantastisk kjensle! Eg vil berre rope på verandaen: "Hoho, jenta mi kan sjå meg!"

Etter fleire år med intens trening kjem desse tinga på plass, ting som er sjølvsagt for alle andre enn oss. Då me starta FHC såg vesla vår berre svart / kvitt kontrastar, ho var ikkje synsaktiv desto meir interessert i lydar. Norsk helsevesen kunne tilby briller men det er jo ikkje det som er problemet, fysisk sett er augene hennar gode. Det er koplingane i hjerna som er utfordringa. Og no skjer det altså noko. Me set så stor pris på å få oppleve dette. Det gjer alle timane med intensiv stimulering vel verdt det!

Eg feira dagen med å lese ei historie om "Henrik And" for jenta mi og til mi store glede fulgte ho interessert med både på bileta og historia. Me er på veg!

onsdag 5. juni 2013

Vi skal ikkje sove bort sumarnatta

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
ho er for ljos til det.
Då skal vi vandra isaman ute,
|: under dei lauvtunge tre. :|


Då skal vi vandra isaman ute,
der blomar igraset står.
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
|: som kruser med dogg vårt hår. :|

Vi skal ikkje sova frå høysåteangen
og grashoppespelet i eng,
men vandra i lag underbleikblå himlen
|: til fuglane lyfter veng. :|

Og kjenna at vi er i slekt med jorda,
med vinden og kvite sky,
og vita at vi skal vera isaman
|: like til morgongry. :|

Geirr Tveitt  og  Aslaug Låstad Lygre

Dess meir den vesle hønsa vår er vaken, dess mindre bloggar eg. Håpar det snart rettar seg! 

torsdag 23. mai 2013

Kjærleik mellom syskjenbarn


 17.mai 2013. 
Ein liten røvar kjenner på kusina sitt hår.


Båe to synest det var morosame spilloppar!

Det er så kjekt for vesla vår at det er andre born i familien. Dei kjem nok til å ha god glede av kvarandre framover også.