søndag 27. september 2009

Müslieksplosjon


Det er sundagskveld, og det har akkurat stilna. Ei snørrete, lita trultemor har protestert høglytt og frykteleg lenge, sjølv om gjespane har vore himmelhøge. Då er det ubeskriveleg deilig når det endeleg vert tyst.

Dagen har gått med til masse leiking på golvet, me trener oss på det. No ligg både eg og Mr.Sambuar der i lag med ho, så ofte som me kan. Trulte er oppslukt av ei leike med mange fine fargar på, den snurrar me rundt og ho pratar i veg. Det er sjeldan ho får svar frå leika, sidan det er ei ordinær treleike. Me prøver difor å ta oss av responsen.

Eg øydelagte diverre ein del av dagen, då eg spiste müsli med trulte på fanget. I mens eg sat og funderte på om det var dumt, sidan ho kunne kaste seg bak og treffe fatet, så gjorde ho akkurat det. Mjølka skvatt, havregryn og rosiner låg strødd over alt. Det vart eit ramaskrik, det bur ei lita dramaqueen i veslejenta mi. Eg kan jo forstå at det ikkje var så kjekt å få ryggen full av mjølk og havregryn, men det var ikkje verre enn at det kunne vaskast vekk. Korleis det skal gå når støvlane hennar ein gong vert skitne, er eg usikker på.


Ny tannoppdatering: Etter eit horribelt tilbakespel, har oppsida tatt leiinga 4-3.

Ingen kommentarer: