Nokon et løvebiff, mens andre et biff av storfe.
Ei lita frøken, som har svoltestreika i nokre dagar, kjende tydeleg svolten melde seg i dag. Ho tok til å gnage på løva, i håp om at det kom eit skikkeleg kjøttstykke hennar veg. Det beste eg kunne tilby var banan og avocado, og det tok ho til takke med.
Inspirert av den omtala løvebiffen, har Mr. sambuar diska opp med biff til oss i kveld. Så no er me mette og gode, heilt klar for slaraffenliv på sofaen ei stund. God helg!

2 kommentarer:
Løvemat er tingen for små krigarar, men kanskje litt vel hårete den der. Ny veke med nye mogelegheiter, spanande korleis det går med krypeprosjektet.
Ho sa klart og tydeleg at ingenting smakar så godt som løvepels.. De skal få rapportar ang. rutsjebanen.
Legg inn en kommentar