Ein måndagsmorgon i oktober starta ferda di. Når eg lukkar augo kan eg framleis kjenne stemninga, spenninga over å ikkje vite kva som ventar ein, men det må vere noko fantastisk. Baggen står klar, eg har med alt som er viktig, trur eg. Klede, kjeks, nøtter og bodylotion. Ja, for det har eg lese på nettet at kan vere riktig så viktig å ha med seg. Bodylotion.
Det skulle verte onsdagsmorgon før du vart fødd. Ingenting i finaleheatet vart slik eg hadde drøymd om. Spenninga kring kven du var, vart erstatta med engstelse for om du ville overleve. I mens eg spiste skiver og drakk litervis av saft, kjempa du for livet. Mens lauvet gulna og sola skinte, song Billie Holiday for meg og drukna gråten frå dei andre mødrene på pumperommet.
Det siste året har eg sett krigaren i deg. Eg er så stolt over å kunne seie at eg er di mamma. Og det betyr alt i verda at du framleis er her i lag med oss, det er på ingen måte sjølvsagt. Måtte me kunne gje deg alt du treng her i livet.
4 kommentarer:
Fine ord om ei vanskeleg tid.
Eg skulle sjølvsagt ynskt at ting skulle vera enklare for vesle jenta og dekan alle.
Men som eg har sagt før, og tenkjer ofte, så er eg så glad for at ho har nettopp dekan to som foreldre. Der kunne ho ikkje vore heldigare. Så det er ingen tvil om kor krigaren har sitt i frå.
Fikk beint klump i halsen av å lese dine ord. Eg er forresten helt enig med Geitrams. Lille gull kunne ikkje hatt noen bedre foreldre en dere! Masse bursdagsklemmer fra meg!
Som Synnøve sir.. klumpen i halsen e stor..- Og eg må si meg enig med begge over meg, at snuppa ikkje kunne hatt bedre foreldre enn dere to! Du skrive så så fint.. både om godt og vondt..oppturer som nedturer. E så utrolig flott at du vil dela tankane dine med oss, spesiellt siden noen av oss bor så langt unna.. kjempegla i dere! Stor bursdagsklem fra oss her i "vanger"
Takk for støtte!
Legg inn en kommentar