tirsdag 12. januar 2010

Fine og kalde kveldar





Eg er i ferd med å tine oppatt etter ein kald tur ute i blesten. Det var så fint å endeleg få tid til ein kveldstur. Trur jammen det er noko eg skal forsetje med framover. Ovnen sprakar og me har ein vedsekk att, det har vore ufyseleg kaldt i det siste. Heldigvis har ei snill tante forbarma seg over oss, me skal hente nokre sekkar hjå ho til helga. Når ein er vand med at tilhengarlass med ved frå vestlandet dukker opp utan at ein sjølv må gjere ein innsats, vert ein mildt sagt forundra når det ikkje har vore leveransar og det byrja nærme seg golvet i vedboda.

4 kommentarer:

besten sa...

Hald berre ut i kulden, nye lass er under produksjon, så om ikkje lenge vert det atter gneistar og spraking i ovnen. I mellomtida får de fortsetja å produsera små og store snøenglar

Anonym sa...

Hei. Så kjekt å base i snøen då! Dette gjer godt på sjel og kropp, og ein god kopp kakao på toppen hadde vore lykken på jord. me har hatt akedag på barnehagen i dag. Super fin dag. Gler meg til å sjå veslemor att.
Helsing bestemor

Strikkebesta sa...

Hei! Som du ser så har du fått ny følgjar, eg fekk tips om den velskrivne bloggen av svigermora di som er mitt syskjenbarn. Du har gode innlegg som eg gjerne les, difor eg henger meg på så ser eg når du skriv noko nytt.

Bibliotekarspira sa...

Så kjekt med ei strikkebesta som følgjar! Det seier eg meg nøgd med. Velkomen skal du vere!