Ein liten helsing frå sofakroken. Eg er for tida så djupt inne i Friends, at eg neppe kan setje av meir enn ein halvtime til pc på kveldstid. Me er komne til sluttspurten, siste sesong. Denne serien har fulgt meg gjennom heile ungdomstida, frå vidaregåande, folkehøgskule, høgskule og arbeidslivet. Eg såg siste episode i eit tomt husvære i Hammerfest, og eg overdriv ikkje når eg seier at eg fossgrein.
Denne gongen skal eg nyte siste sesongen, samstundes trekk eg eit lettelsens sukk. Det er jammen på tide å frigjere litt kveldstid også.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar