fredag 26. mars 2010

Friday feeling....

Plutseleg helg igjen.

Helga starta med husrydding og vask i går, litt gjenstår framleis, men det er ikkje like ille som ein vanleg fredag i alle fall. Tidleg ferdig på jobb i dag, og det vert fint. Har planar om å handle inn nokre fine tulipanar, og litt ekstra god kvelds. Også te - litervis med te, skal konsumerast. Så skal me benke oss framføre TVen utover i dei mørke timane.

I dag skal nemleg nokre av tøffingane frå "Ingen grenser" på Skavlan. Og det har eg tenkt å sjå! Eg har venta på serien lenge, og må seie det er imponerande å sjå kor steintøffe desse folka er. Ekstra moro å sjå den blide bibliotekaren som utdanna seg samstundes som meg, han er ein riktig fin fyr. Å sjå muligheiter i staden for begrensningar er noko me prøver på sjølve også, då varmar det hjarta å sjå "Ingen grenser".

Ynskjer alle søtingane der ute ei riktig god helg, håpa de kjenner på fredagslukka, de også.
To arbeidsdagar att før det er påskeferie.. Åh, herlege tid!

1 kommentar:

ane sa...

Å, ja herlege tid... Det seier eg også! Har hatt ein knall gode dag! Levert to jobbsøknader på ein dag. Sterkt! Spent! Skavland og heile fredagskvelden er den store tv kvelden for oss også... Er sjølv sterkt engasjert i serien du skreiv om. Og det er so lett for oss å sjå begrensningar i staden for utfordringar... Ha ei knall gode helg! Klem frå Hagebø til alle dokke tre:)<3