Den frykta samtalen gjorde at me var i full research når det gjaldt nervegift i lange tider. Fantastisk middel når det gjeld 30 år gamle modellar med stive smil i Hollywood, mykje mindre fantastisk når det skal brukast på små uskuldege jenter med stiv kropp. For å oppklare med ein gong, me hadde lukka med oss og hadde ingenting å vere bekymra for på sjukehusfronten denne gongen. Kryss i taket! Researchen er på ingen måte fånyttes, og den har me tenkt å arkivere og bruke som argument ein anna gong dei angrip oss.
For å vise triumf og suksess slenger eg med eit bilete av velse vakre jenta vår i full akebrettvigør.
Bilete kan daterast til i dag, her har det snøa og vore fint ver om kvarandre. Slett ikkje dårlege forhold for utetid, med andre ord.

4 kommentarer:
Endeleeeeeg, lesarane har med stort tålmod venta på oppdatering. Godt at du er "back on the track", kor er det forresten vorte av lesarteljaren? brann den opp då den passerra 10000 ? Ser ellers ut til å ha vore ein vellukka sundag, best å nytta på for det minkar vel snart på akebrettføret.
Ha ei strålande veke alle tre
Så kjekt med aketur. Ser vikelig ut som dere koser dere begge to, ser antydning til smil fra gullet.:-)) Gleder meg bare til påske på hytta , sammen med mine kjære.
Første dag på jobb etter mange dagers sjukdom. Kjekt: No skal jeg kose meg med en kopp kaffi.
Hihi, finingar på bilete! Godt det gjekk greit på samtalen :)
Det ser ut til å vere to flotte jenter på akebrettet:)
Legg inn en kommentar