torsdag 13. mai 2010

Sveits II



Me står på farten til å reise utanlands igjen, me skal nok ein tur til Sveits. Denne gongen skal me overnatte i Milano fyrst, mannen i huset set sin lit til meg når det gjeld språket. Eg for min del har friskt i minnet den gongen eg kjøpte hummar til 80 kr, eg trudde me gjorde eit kupp. Då rekninga kom på bordet, forstod eg at eg hadde bomma med ein null. Akk ja, ein må jo berre betale når ein sit på ein restaurant som er fylt til randen av suspekte mafiosos midt i Palermo. Denne gongen har eg ikkje tenkt å leggje ut på liknande italienske røvareventyr, det er eg på langt nær god nok til. Men eg gler meg over moglege pinlege samtalar, på stammande italiensk.

Planen er å reise til ein fjellandsby i Sveits på laurdag, Frøken Dings skal ha osteopatibehandling på ein barneklinikk og me er spent på kva det vil bringe denne gongen. Me ventar mannen med det klingande namnet, Mr.Jealous, vil gjere underverk med vårt vesle gull.

1 kommentar:

besten sa...

Ja Italienske mafioso frå Palermo eller gjennom oske og eld grunna Islandske oskiosos. Me ynskjer Dykk alle tre ei alle tiders reise og von om framifrå resultat