torsdag 20. mai 2010

Vennar


Ein dag i sist veke dukka det plutseleg opp ei gåve til meg i posten. Avsendaren var Geitrams, men eg plar vanlegvis berre kalle ho for Makalaus. Ho lev nemleg opp til namnet. I all løyndom og i smug har ho sete heime og laga det flottaste scrap-book albumet som tenkjast kan, til den vesle familien min. Det er så rørande å vite kor mykje tid og arbeid ho har lagt ned i det, og godt å vite kor mange gode tankar som vart send i lag med albumet.

Etter at den velse prinsessa kom i hus, har me fått mykje omsorg og omtanke frå dei rundt oss. Familien som me har kontakt med heile tida, men òg vennar. Vennar som viser sin omsorg for oss på ulike, flotte måtar. Nokon som stiller som barnevakt, nokon som passar på at me kjem oss ut litt kvar for oss, nokon som har med noko til jenta vår når dei kjem på besøk, nokon som sender blomar plutseleg, nokon som sender fine sms'ar  og gode ord, nokon som stiller for samtalar

- og me kjenner at desse spesielle menneska tek ein del av byrda for oss.

Tusen takk alle, de betyr meir enn de anar !

2 kommentarer:

Geitrams sa...

Smask!

besten sa...

Den gler eg meg til å sjå, det er jo fantastisk med julapakke i mai. Ellers vil eg grattulera med 10.000 passerte besøk på bloggen, spanande å sjå kor mange det vert på eit år når me kjhem til august. Så må de ha ei fin pinsehelg og kosa dykk med dei som er på besøk.