søndag 13. juni 2010

Ruskande gal klokke

Sundag igjen, og eg har ikkje prioritert blogging spesielt høgt på lista mi denne veka heller. Her går det for seg, me er opptekne med å ta eit skritt framover og tre attende. Det er litt sjukdom på gang igjen, kursing på jobb og nye spennande arbeidsoppgåver som eg snart tek fatt på.

Nokon har byrja vakne midt på natta og drive med skråling for at dei andre i huset også skal stå opp. Me har hatt noko lunde kontroll på det, og det har skifta litt frå tid til anna om ho sovnar att. Det merkelege er at ho er tidsinnstilt. Det speler visst ikkje noka rolle om ho sovnar klokka åtte, (det skjer nesten aldri) eller om ho sovnar klokka ti (det skjer nesten alltid). Ho vaknar likevel klokka fire på natta. "Juba juba, folkens!", seie ho liksom. Det trur eg i allefall.

Eg tenkjer med meg sjølv at det er noko riv ruskande gale med den indre klokka hennar. Den går for fort, og er feilinnstilt, i allefall når det gjeld søvn. Rykta seier at ho har nokon å slektast på ?!

1 kommentar:

besten sa...

Utvilsomt, klokka kjem til å endra seg endå meir. Frå 14-15 årsalderen og framover kan ho koma til å vera vaken heile natta, men håplaus å få liv i om føremiddagen, i allefall hvis ho vert lik mora. Eller det er kanskje so gamal ho trur ho er, mogelegvis er klokka rett men at indre kalenderen er feil ?? De får kobla ho til PC´en og retta fødselsåret.