mandag 7. juni 2010

Stinkeost

Dei siste månadane har me hatt for oss eit spennande prosjekt her i heimen, me har dyrka fram ein heilt ny ost. Me har tatt ein Coeur de Lion (eller "Stinkeost", som tanteborna mine kallar den..) og latt det gå ca 4 månadar over siste forbruksdato. Stinkeosten har fortent namnet sitt, og hadde allereie før den var utgått ein kraftig nok lukt til at mor mi vaska kjøleskapet i jakta på det som var øydelagt. Dei siste dagane har osten solbada seg også, det må ein kunne kalle siste finpuss av verket.  

Eit ledd i Family Hope er stimulering av luktesansen til vesle snella. Me pakkar ut prosjekt- osten frå ein boks og så av ein pose, deretter ein ny pose. Det renn litt damp frå posen. Så til saken: Far held osten innåt nasa hennar, mens han sjølv held pusten. Mor kjenner lukta heilt i frå balkongen og inn på kjøkkenet, umiddelbart opnar ho vindauga og startar utlufting.

Kva gjer snella?
Ho gliser... Ahhh, seier ho.
Av og til, er ho verkeleg den raraste eg veit om!

4 kommentarer:

Geitrams sa...

Raraste :)

besten sa...

Ja herlega London for ein lukt, ikkje rart ho gliser når ho er den einaste i mils omkrets som klarar lukten må vera ein.

itla sa...

*ler* Herlig!

ane sa...

No måtte eg haukleee... Morosamt! Eg trur eg kunne ha gjort det same med husbonden. Han miste luktesansen då han slutta røyke ved siste EU avstemming. Kanskje du kan sende over ein liten smule hehe. Spanande prosjekt i heimen forstår eg. Lukke til:) Klem