For litt sidan vann eg ein superfin Dab-radio med docking til Ipod. No høyrer me Nrk Super heile tida, og der går det tidt og ofte songar eg aldri har høyrt før. Det er full førebuing til Melodi grand prix junior, og eg trur den rocka songen "Abbor, livretten min så god som no`n" vinner heile rukla i år. Utanom Melodi grand prix, er vesle snella spesielt glad i songen "Jeg er en astronaut", og Lars Vaular "Jeg må ha solbriller på". (At ho liker akkurat den songen forstår eg ikkje, for solbriller er ho vanlegvis heilt uinteressert i. Sjølv om ho har verdas kulaste Baby Banz)
Nrk Super er faktisk ein veldig bra kanal, for dere som har ungar der ute så kan det verkeleg anbefalast. I tillegg til bra musikkutvalg kan Super også by på fine høyrespel. For tida ventar me i spenning på å høyre meir om kva som skjer med dei tøyste sauane som er flytta inn på herregården til Herr Balder. Dei skal i grunn klippe plenen, men er meir interessert i kald Champagne og flatskjerm fargetv. Brekinga til sauane er grunn god nok til å følgje med vidare, synes me.
Fin dag til alle! Her er me sjølvsagt i pakkeparadis og reisemodus..
2 kommentarer:
Takk for tips!
Her går det i haba haba og all the single ladies. Sistnevnte er visst kjekk å dansa til, bleierompa får svinsa seg!
Det er fordi ho har lyst på Marc Jacobs briller sjølvsagt!! mykje freidigare.. god tur :)
Legg inn en kommentar