søndag 19. september 2010

Takk og lov for håp og draumar!

 



    
Turen til Statane og FHC har vore ei fantastisk positiv opplevelse og har gjeve oss skikkeleg boost. Trass nokre startproblemar med Gps i leigebilen då me skulle leggje ut på Highwayen til Philadelphia, kom me fram og dagane på senteret slik me har venta på.

Det er sjeldan me vert møtt med ein slik varme og forståelse som dei ansatte på senteret har gjeve oss. Eg har aldri opplevd at nokon legar her heime har forstått korleis det kjennes å vere i vår situasjon, mange har sagt at me kan få eit nytt barn som sikkert vert frisk. Dei forstår ikkje kvifor me vil kjempe for dette barnet, kvifor me vil trene intensivt og slite oss ut, det er det som karakteriserer intensiv trening for dei. FHC seier akkurat det me kjenner sjølve; det er mykje meir slitsomt å sitje hjelpelaust i baksetet og ikkje ha kontroll, enn å setje seg i førarsetet og bestemme vegen sjølv. 

No er me attende og gler oss vilt til å kome i rute, og prøve å få til programmet mest og best mogleg. Me har nokre store utfordringar knytta til problemar med mage og søvn, men desse har FHC prøvd å hjelpe oss med. Dårlege dagar skal me trene på minimums nivå, og me satsar på at det vert færre av dei dårlege dagane framover.

7 kommentarer:

Strikkebesta sa...

Håp og draumar må ein ha! Ingen kjem langt med pessimisme. Ynskjer dykk lukke til med treninga - måtte resultata kome raskt!

Anonym sa...

Velkommen hjem igjen.Så fint at turen og opplegget over there var vellykket. Blir spennende å følge med hvordan det går med treningen og veslegullet framover. Ser virkelig ut som hun koser seg i den nye fine vognen sin. Klem til dere alle tre fra plingeling.

Else sa...

hurra for jenta + FHC :):)

ane sa...

Åhhhh, kor bra du formidlar kjenslene...nesten so eg kjenner det på kroppen sjølv. Forståelse er so viktig! Veldig glad på dykkar vegne, kjære familie. Ønskjer all lukke på gode og mindre gode dagar. Varm klem

Bjørn Inge sa...

Så fantastisk å høre.. Godt at de får støtte, hjelp, omsorg og håp for framtida! Synd det ikkje fins samme mulighet i Norge, enda... håper å treffe dokke snart igjen.
Klem til alle tre fra Bjørn Inge og gjengen.

Synnøve sa...

Dette var kjekt å lese :-) Vesla kunne ikkke fått det bedre, med andre enn, sine to flinke foreldre i førersete. Lykke til videre på ferden.

Klem fra meg

Geitrams sa...

Søtaste pippilotta på bilete :)
De gjere absolutt det rette for vesla! Eg kjenner eg vert så stolt over dekan!