lørdag 14. juli 2012

We`ve created a monster!

Det har vel ana meg at vesla vår kan vere litt vekksjemd. Slik ein lite smule meir enn det som er vanleg.

I Danmark byrja me å jobbe med å plukke av ho skrikinga, og fekk hjelp frå Carol som jobbar mest med den sosiale kompetansen til borna. Det er heilt ufatteleg og sjå kor utspekulert vesla er. Eg har verkeleg ikkje sett det før me gjorde denne testen. Carol la ho ned på golvet, og som vanleg starta sirena med ein gong. Me skulle ikkje plukke ho opp før ho slutta å skrike. Ho prøvde med ulike grader av sutring og hylskriking, og innimellom kikka ho rundt seg og lurte på kvifor me sat der utan å ta ho opp. Då ho til sist gav seg og fekk kome opp, byrja ho å teste oss med ein gong. Fornerma-leppa kom fram og sutring gjekk over i grining for å seie at det ikkje var greit at ho måtte liggje nede slik. Me skulle straffast litt. Kvar gong ho skreik, la me ho ned. Då ho vart roleg fekk ho kome oppatt.

Som me sa til Carol: God, we`ve created a monster.
Carol: A very smart monster though
Hehe, det har ho rett i...

Det viser seg altså at ho har lurt oss, og no er det innstramming. Me vil ikkje ha ein skitvott av ein unge heime, ho må kunne oppføre seg. Eg har høyrt at born med ekstra utfordringar ofte kan vere skikkeleg ufordragelege, dei vert ikkje sett grenser for på same måte som andre. Det er ikkje så vanskeleg å forstå, det er ofte "synd" i dei. Her skal det ikkje verte slik, det har me bestemt oss for.


3 kommentarer:

Else sa...

verdens søteste masekopp i så fall!

Anonym sa...

Treng litt oversetjing : Er ein skitvott sunnmørsk for det same som ein brelunge eller??

Ei undrande tante Pose

Bibliotekarspira sa...

Brelunge ca. :)