Eg feira deg med nokre bilete frå Ivar Aasen- tunet,
ein draum av eit bygg -
med viktig og fint innhald !
Arkitekten Sverre Fehn har tenkt ut store liner..
og pyttesmå detaljar..
Gamlemuseet og utescena
I ei eng av vakre villblomar står Aasen- tunet,
i ekte Ivar Aasen-and.
Han hadde eige herbarium, som ein framleis kan sjå i utstillinga.
Overraska?
Utstillinga fortel nettopp kuriosa om Aasen, på kjøpet får du historia om
ein av dei viktigaste menneska i norsk historie.
De som ikkje har vore der burde ta ein tur.
Det er det verd!
1 kommentar:
Eg ser han må vera ein slaur han der Ivar, har ikkje slege graset nedafor tunet sitt, nyttar ikkje å skulda på alderen, kunne ha nytta ein språk ljå
Legg inn en kommentar