Gleda ved å flytte ut av byen er ei tomt på to mål.
Gleda ved å overta eit gamalt hus, er at hagen allereie er etablert.
Gleda ved å overta på hausten, er at ein ikkje anar kva alle trea og buskane på eigedomen eigentleg er.
Kva skjuler seg fram i jorda fram til våren kjem?
Det skulle vise seg at det blant anna var
nydelege roser som lukta himmelsk
kaprifol, mmm... lukta også godt !
Men den beste overraskinga eg kunne fått av hagen min.
Den store buska som stod der ute var duftsjasmin. Den er flott og sjå på,
men aller best likar eg lukta.
Verdas beste lukt.
Tek meg rett tilbake til farmor og farfar sin hage,
sommar ute ved steinbordet i hagen.
Sommarlukke som lite barn.
Stor tomt med gamal hage, inneheldt også tjukt med sneglar. Dei skjuler seg også i jorda om hausten og vinteren. Me har hatt dagleg trim med innsanking. No byrjar det å roe seg litt, trur eg. Skal nok ut ein tur i kveld også, for sikkerhets skuld.
Fin kveld!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar