tirsdag 12. mars 2013

Matoppdatering

Poteter er under testing, første runde med middagar som inneheld poteter blei laga sundag 
(godt dokumentert i bloggpost og med bilete). 

Ho har knappast hatt tid til å svelje unna maten ho har fått i etterkant så det er tydeleg at det falt i smak. 
No ventar me i spenning på om det blir nokre reaksjonar i høve den nyinnførte karbohydraten eller om me kan forsetje i same leia. I så tilfelle kan me prøve noko nytt i neste veke. 
Hoho!

Gleda er stor når ein kan utvide repertoaret sakte men sikkert i riktig retning, 
fryktar vesla byrjar bli matlei så me treng nok å lokke med noko nytt innimellom.



1 kommentar:

besten sa...

Spanande, trur jenta snart er over på god gamaldags "bondekost" ikkje rart ho er glupsk etter all spesialmaten. Fantastiska at ho har kome seg slik