søndag 28. februar 2010

Tusen takk

Me er heimattkomne etter ei hektisk veke i vårt flate naboland. Etter høgintensive seminardagar og reise, kjenner eg meg ganske tom, men glad. Det har vore eit gjevande kurs, me boblar over av inspirasjon og tankar. No skal det roast ned i nokre veker før me bestemmer oss for vegen vidare.

Tusen tusen takk til alle som har kryssa tær i Kongsberg, fingrar på Voss, sendt gode tankar frå Møre og Romsdal samt støtte rundt om i Hordaland! Det varmar, og eg trur jammen meg det hjalp.

Med ei slik støtte skal de sjå me klarer oss heilt til vegs ende, kor enn det måtte vere!

4 kommentarer:

besten sa...

Høyrest ut til å ha vore spanande veke. Målet er ikkje å koma i mål, men å vera undervegs. Eg trur de etter dette har fått innsikt til å ta ein del riktige vegval. SO STAO PAO !!!!

Else Britt sa...

var det flatheten som gjorde at det virka lovende? ingen hinder i sikte liksom? blir spennende å sjå no da!

Linda sa...

Et heiarop fra oss her i stavanger og! Dere er kjempeflinke! Stor klem

Bibliotekarspira sa...

Det er sant, me er jo undervegs no.

Else: Det er sikkert ein del hinder i sikte, men dei kjennes meir overkomelege etter me har vore i flatlandet jaffal. :0)

Heiarop lika me, Linda! Takk :0)