tirsdag 12. februar 2013

Husplanar



Det er kanskje ikkje så lett å sjå, men her står det altså to karar som peiker og måler og tenkjer og pratar.
Hus, hus, hus. Skal det byggjast bakover (attover), bortover eller oppover (ovapå)? Det er neimen ikkje lett å bestemme seg og alle tenkelege løysingar blir vurdert no. Godt med hjelp!

Me har nokre dyre teikningar frå arkitekt, han har sprengt budsjettet vårt med ca. 4 millionar i første skissa og 3 i skissa etterpå. Han er flink til å teikne, men det anar meg at han ikkje er så stødig i matematikk. For tida prøver me (les: min gode ektemann) å ta utgangspunkt i dei første skissene og teikne dei litt om. Så får me sjå kor me endar til slutt. Det er mange ting som skal takast hensyn til i vårt tilfelle.

Me må ha eit hus som er tilpassa rullestol og tenkjer å gjere første etasje om til ei leiligheit. Der tenkjer me at all intensiv trening skal føregå, vi skal knytte bassenget med eit stort bad til den etasja. Vi skal ha soverom slik at ho kan ha avlastning der dersom det blir periodar med søvnvanskar, slik ho har innimellom. I tillegg er det tanken at ho kan bu i den leiligheita når ho blir 18, dersom det er aktuelt. Me har også tenkt at det kan vere aktuelt å skilje den ut i frå vår bustad og eventuelt leige ut eller selje den. (Mange år fram i tid, vanskeleg å tenkje så langt når vesla er 4 år...)

I andre etasje er planen å heve taket slik at det blir flatt og vi får full ståhøgde. Det er i denne etasjen me skal bu og ha vår stove, kjøkken og soverom. Her får me fin utsikt utover mot fjell, fjord og dei andre husa i nabolaget.

Problemet for oss er at me driv med treninga og har tre tilsette, me har behov for bassenget vårt. Korleis skal me få til ein kortast mogleg periode vekke i frå vårt eige hus? Også er det sjølvsagt eit poeng at me skal halde oss innanfor dei økonomiske rammene me har.

Det er tankane me har om hus så langt. Så får me sjå korleis det ser ut tilslutt. Me skal tenkje og teikne ein del til (les: sikkert min gode ektemann som skal teikne), så skal me kontakte nokon som vil gjere jobben med å lage arbeidsteikningar og bygging.

2 kommentarer:

besten sa...

Å,åh, gler meg, i Ålvik har me gravemaskin, stor traktor, sager høvlemaskin, spikarpistolar og masse verktøy, me lastar alt opp og kjem til unsetning, dette vert toppers, det er eg heilt sikker på.
Tenker det vert opplevelsesferi i Ulesteinsvikja i sommar for fleire enn meg :-)

Bibliotekarspira sa...

Hehe, besten! Bra McGyver kan kome og hjelpe til.