Som bibliotekarspire kjenner eg meg programforplikta til å spreie det glade bodskap om bøker, eller i dette tilfellet, teikneseriar. Kanskje ikkje fullt så intellektuelt, men det er minst like skøy. Eg kom over denne morsomme teikneserien i studietida, har lenge tenkt eg skulle lese den og no er det gjort. Det er nesten ironisk at serien dukka opp i Aftenposten sundagsutgåva, veka etter eg hadde kjøpt den. Eg har leita etter den i 2 år, og no er den altså komen i nytt opplag. I Kanon får ein historia om Edvard Munch, August Strindberg og Kurt Schwitters sine liv i Tyskland på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900. Steffen Kverneland har flotte teikningar, i tillegg liker eg spesielt godt måten det er framstilt korleis Munch fekk idèar til bileta sine.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar