mandag 2. november 2009

Känslan man har



Etter å ha lånt Känslan man har av ei venninne, har eg bestemt meg for å samle på bøkene til Jan Stenmark. Eg vil ikkje kalle boka eg har lese for teikneserie, det er meir enkelte bilete med underfundige tekstar.
Enkelte kallar Stenmark for biletpoet, det syntes eg at klinger så godt at eg vil føye meg i rekka. Stenmark har mange morsomme detaljar i bileta sine, så ein vert ikkje riktig ferdig med det fyrste.

Det er absolutt verd å tilbringe ein time i sofakroken i lag med Stenmark og ein kopp te, dersom ein ynskjer lett underhaldning i haustmørkret.

2 kommentarer:

Geitrams sa...

No vart eg litt nysgjerrig her.. kor får ein tak i slike bokskattar då?

Bibliotekarspira sa...

Har sjekka, og Tanum netthandel har inne fleire bøker av Stenmark.
Det er fleire som skal svi av litt pengar på han, altså?!