fredag 9. oktober 2009

God helg

Denne vakre krigaren har fått seg mykje nye klede dei siste dagane. Denne kom frå vest, og var ein gåve frå onkel og tante, samt syskjenborn. By Torinn kom vår veg i år også, heldigvis!
Har planar om å leggje ut fleire bileter etterkvart, men enn så lenge får de kosa dykk med dette.

torsdag 8. oktober 2009

Vesle engelen min

Ein måndagsmorgon i oktober starta ferda di. Når eg lukkar augo kan eg framleis kjenne stemninga, spenninga over å ikkje vite kva som ventar ein, men det må vere noko fantastisk. Baggen står klar, eg har med alt som er viktig, trur eg. Klede, kjeks, nøtter og bodylotion. Ja, for det har eg lese på nettet at kan vere riktig så viktig å ha med seg. Bodylotion.

Det skulle verte onsdagsmorgon før du vart fødd. Ingenting i finaleheatet vart slik eg hadde drøymd om. Spenninga kring kven du var, vart erstatta med engstelse for om du ville overleve. I mens eg spiste skiver og drakk litervis av saft, kjempa du for livet. Mens lauvet gulna og sola skinte, song Billie Holiday for meg og drukna gråten frå dei andre mødrene på pumperommet.

Det siste året har eg sett krigaren i deg. Eg er så stolt over å kunne seie at eg er di mamma. Og det betyr alt i verda at du framleis er her i lag med oss, det er på ingen måte sjølvsagt. Måtte me kunne gje deg alt du treng her i livet.

onsdag 7. oktober 2009

Tankar på tbanen..



Eg står med beina planta
midt i fjoråret

Den lukkelege tida før
og krisa etterpå

Eg kjenner etter

Eg må det

tirsdag 6. oktober 2009


Eg er her enno, det har berre vore litt dårleg med blogging denne helga. Me har hatt besøk, og det har vore riktig triveleg. Treng litt kvalitetstid med familien. Det slår meg kvar gong at eg ser dei altfor sjeldan. Vesle snuppelura som eg er tante til, har slutta å vere liten, men er framleis snuppete. Heldigvis!

Me har vore reine tedrikke-lauget her desse dagane, eg skal love me har konsumert mange liter. Etter ein tur på Ultra vert det alltid slik. Eg kjem heimatt med 4 pakkar te, helst to av same sort og nokon nye, slik at utforskartrangen også vert stilt. Ekstra stas denne gongen, sidan brorsan og familien også er temennesker. Det enda med ein haug tepakkar, for ikkje å snakke om ei flaske med Chai-sirup. Eg lærde noko nytt også, kor koseleg det er å lage te i ei kanne og drikke utover kvelden. Det har eg starta med i kveld.

fredag 2. oktober 2009

Så glad, så glad

Så fantastisk flott kan ho vere, veslejenta mi. Den siste delen av veka har det gått bra på trening, og me har fått gjort meir enn tidlegare. Då er det ekstra godt å ta helg. Me får besøk av tante og onkel, og søskenbarnet til veslemor. Me gler oss og trur det skal verte ei kjekk helg!

onsdag 30. september 2009

Albert held oss i handa...

Biletet er lånt frå www.riktigeleker.no
Me er på intensiv opptrening for tida, veslegull har vore på utredning, og dei siste vekene har det vore full fres. Det går greit så lenge eg ikkje tenkjer på korleis livet eigentleg skulle ha vore, me skulle eigentleg ikkje ha vore der. Det knuser meg. Men på den andre sida, tenkjer vel alle som går inn dørene på opptreninga slik. Det skulle ha vore nokon andre. Ikkje meg, ikkje oss.

Sjølv om det kan kjennast tøft å verte konfrontert med situasjonen me er i, er det også litt godt. Godt å kome i gang, godt å kjenne at ein får hjelp og at me har eit felles mål om å få til mykje. Veslemor la til godsida under utredninga, og viste fram tolmodet sitt. Eit tolmod eg ikkje visste at eksisterte. Eg er usikker på kven som var lengst i maska, eg eller Mr.Sambuar, då ho presterte å gjennomføre ein time med testar og framleis smilte. Me nikka og smilte til alle lovorda om den flotte døtra vår, som var utruleg grei å ha med å gjere.

Sist veke byrja sjølve treninga, og då snudde ho tvert. Stort sett var ho utslitt då me kom om morgonen, hyling ein halvtime i bil eller mykje folk på banen ladar ho fullstendig ut. Det endte med at ho sov i fleire timar og spiste lite, for så å grine når dei starta på fysioterapi og treningsopplegg. Det seier seg sjølv at dei ikkje fekk gjennomført mykje. Denne veka har det gått nokolunde betre, men planane har vorte justerte, slik at dei passar betre for ei lita jente som vert fort sliten. Me vonar at den neste veka vil verte betre, me er takknemlege for alle framsteg.

Den siste veka dukka det opp uventa støtte frå ein utanforståande. Albert, som de ser ovanfor, har stått ved veslegull si side gjennom tjukt og tynt dei siste dagane. Han høyrer diverre til på hab.senteret, så no må me gå til innkjøp av vår eigen. Det er viktig med riktig støtte og oppbacking når ein skal ut i den store verda, og dette kan han alt om, han lokkar fram smil og glede hjå oss.

mandag 28. september 2009

Kjære Gambrinius

Hausten er her.
Det regnar og bles ute, og ein slitsom hoste har byrja snike seg inn på meg.
Eg drøymer om ei spesifikk italiensk strand, som serverer pizza bianca og cola på boks.
Mens sleske Giovanni'ar spradar rundt i små speedos,
eller vent litt..
Det kan eg i grunn spare meg for.
Likevel...
ahhh...
håpa eg får kome attende neste år.

søndag 27. september 2009

Müslieksplosjon


Det er sundagskveld, og det har akkurat stilna. Ei snørrete, lita trultemor har protestert høglytt og frykteleg lenge, sjølv om gjespane har vore himmelhøge. Då er det ubeskriveleg deilig når det endeleg vert tyst.

Dagen har gått med til masse leiking på golvet, me trener oss på det. No ligg både eg og Mr.Sambuar der i lag med ho, så ofte som me kan. Trulte er oppslukt av ei leike med mange fine fargar på, den snurrar me rundt og ho pratar i veg. Det er sjeldan ho får svar frå leika, sidan det er ei ordinær treleike. Me prøver difor å ta oss av responsen.

Eg øydelagte diverre ein del av dagen, då eg spiste müsli med trulte på fanget. I mens eg sat og funderte på om det var dumt, sidan ho kunne kaste seg bak og treffe fatet, så gjorde ho akkurat det. Mjølka skvatt, havregryn og rosiner låg strødd over alt. Det vart eit ramaskrik, det bur ei lita dramaqueen i veslejenta mi. Eg kan jo forstå at det ikkje var så kjekt å få ryggen full av mjølk og havregryn, men det var ikkje verre enn at det kunne vaskast vekk. Korleis det skal gå når støvlane hennar ein gong vert skitne, er eg usikker på.


Ny tannoppdatering: Etter eit horribelt tilbakespel, har oppsida tatt leiinga 4-3.

lørdag 26. september 2009

Romantikk midt i veka

Sånn skal det gjerast. Romantikk midt i veka inneheld ein stykk barnevakt (i vårt tilfelle, to stykker faktisk). Syklar, hovudlykt og vedkubbar. Eit stykke inn i Østmarka lagar ein bål og drikk te frå termos, mens ein ser på stjernene og funderer over livet...

tirsdag 22. september 2009

Den grønne hulken, det er meg..

Gårsdagen førte med seg ein tur på sjukehuset. Det drog ut i det uendlege i forbindelse med ein urinprøve, og eg som likar så dårleg å vere der. Godt de ikkje møter på meg i dei tider, eg bles meg opp og vert Hulken. Kanskje ikkje like grønn, men minst like stor og slem. Blodet bankar i tinninga og sinnet kjem snikande med ein gong eg går inn porten.
Jævlar, tenkjer eg.
Jævlar, det er de, alle saman.

mandag 21. september 2009

Langhåra og alvorleg

Lita og langhåra snuppelur

søndag 20. september 2009

Sundagskos og loppis med skrikarunge

Nam, Nam...

Nybaka pizzabollar og Friends, det må vere ein god sundagskombinasjon.



Helga har gått med til oppussing av gangen. Det vert påstått at veggfornyar er supert over gamal strie, men det er mykje meir arbeide enn forventa. Ekstra lim i etterkant, og sparkel, med eit noko usikkert resultat er ikkje spesielt stas.


I dag har me hatt ein loppemarked-date med nokre vennar. Det var på ingen måtar ei vellukka affære. Det hadde ingenting med vennane våre å gjere, berre for å ha det sagt fyrst som sist. Dei
gjorde plikta si, var hyggelege og spiste kake i lag med oss. Det er rett og slett ei utfordring å kome seg ut for tida. Bilsetet er ikkje populært, vogna er berre til soving og bæresele er uaktuelt. Kva gjer ein då? Me er i villrede. Som vanleg var det vanskeleg å få til vognturen, så i staden for å trille til loppis, måtte pappa bære Trulte halve vegen. Bæring er tingen, berre så synd me ikkje har funne noko god bæresele. Det er litt vanskeleg når beina stivnar slik, men no håpar me å få hjelp med å få tak i eit godt alternativ.

No er me slitne etter ein lang dag, skal sjå litt Friends og ete pizzabollar med pesto og fenalår, før me stuper til køys. Klar for ny hard veke, med mykje program.

torsdag 17. september 2009

Kven er de der ute?

I følgje teljaren på bloggen min, er det opptil 30 stykker som les bloggen min kvar dag. Det er sikkert dei same 30 pluss- minus som les den i laupet av veka. Eg syns det er litt stas, så no vil eg gjerne at de hjelper meg å tilfredsstille nysgerrigheita mi. Kven er de?

Dersom de ikkje har skrive kommentarar før, så oppfordra eg dere til å gjere det no. Eg prøver å vere nokolunde anonym, de gjer sjølve som de vil ;0)

Den etterlyste ynskjelista

Det byrjar nærme seg. Veslejenta vert 1 år om ikkje så lenge, og no har det byrje å kome spørsmål om kva ho ynskjer seg til dagen. Heilt ærleg, trur eg ikkje ho har fått augo opp for gåver enno. Og det er ikkje så rart i følgje faren hennar, ho har jo aldri feira bursdag før. Dersom trultemor sjølv skulle bestemme, trur eg ho hadde svart følgjande:

1. Måtte det aldri ta slutt på puppemjølk.

2. Håpar stovegardinene aldri vert byta ut.

3. Gje mamma betre songstemme.

4. Gje pappa meir hoppekrefter.

Dersom me vaksne i huset skal ha noko å seie i presangsaka, vil det sjå litt annleis ut:
Det er alltid ein slager med ullklede i friske, fine fargar. (Eg elskar Torinn, har også høyrt masse fint om Nøstebarn.) Ho skal nok vere mykje ute i vinter, så då er det deilig med varme klede under dressen. Ho skulle gjerne hatt nokre gode vintersko til barnehagen også. Elles er det stas med leiker som lagar lyd. Personleg er eg også glad i bøkene til Svein Nyhus og Gro Dale, det er så nydelege illustrasjonar. Det er kanskje litt langt fram i tid før ho får behov for dei?!

onsdag 16. september 2009

Arto Paasilinna: Den elskelige giftblandersken

Finske Arto Paasilinna har eg høyrt mykje om i det siste, så det var på tide at eg fekk lest noko av han. Eg slo til med Den elskelige giftblandersken, den viste seg å vere både lettlest og morosam.

Eg kjenner ikkje så godt til Finland og finnar, men denne boka står i stil med fordommane eg opparbeida meg på finskebåten mellom Stockholm og Helsinki i år 2000. Altså er det litt badstu, mykje alkohol og banning. Ei gamal oberstinne, 3 gustne fyrar og ein lege er involvert når livet speler alle saman eit puss. Galgenhumoren er på plass, og det er ubetaleleg når det vert sagt at ein bør få fengselsstraff dersom ein tek livet av eit barn, derimot er det nok med bøter dersom det gjeld eit gamalt menneske. Dei skal trass alt dø snart likevel?!

Eg likte boka, men har endå større forventningar til Kollektivt selvmord. Det er notert at den skal lesast etterkvart. Kva med dykk, vil gjerne vite kva de der ute les.