tirsdag 6. mars 2012

Beretninger om begynnelser

På torsdag i førre veke såg eg eit ansikt i fjernsynsruta, ei kvinne eg ikkje hadde sett på tre år. Det sugde meg automatisk inn i dokumentarenserien Beretninger om begynnelser. 

Me møtte Nina og Målfrid då me låg på Obs.posten på Ullevål. Du var nyfødd, me var kasta ut i eit reint helvete der kontrastane var så enorme. Gleda og forventningane over å verte foreldre kontra alvoret og krisa. Me visste rett og slett ikkje om du kom til å overleve. Å sjå film frå avdelinga vekkjer minner som eg mest ikkje visste at eg hadde. 

Angsten for pipa som oppkallinga på personsøkjarane til legane gjev. Duren av dispensarar med antibac. Dei alvorlege samtalane med Nina, Målfrid og dei andre på avdelinga.
Den lange, lange, lange gangen der eg ein gong gjekk med kroppen full av innsovingsmedisin. Eg måtte ned til deg, det stod alvorleg til. Eg trudde du kom til å dø før eg rakk fram. 
Å vakne midt på natta og håpe at ein er død sjølv. 

Panikken som greip meg då dei i serien trilla ei av mødrene inn på føden. Eg hadde nemleg ikkje tenkt på at det kunne vere "vår" jordmor som var der som fødselshjelpar. Det er best å ikkje vite kva ho gjer i dag.
Legane på føden, så trygt alt ser ut. God oppfølgjing.

Eg kjem nok alltid til å tenkje at eg ikkje forstår kvifor det ikkje kom nokon til oss den gongen. Eg kjem nok aldri til å få eit godt svar på det. Eg kjem nok aldri til å kome over det heller. 

Uansett, serien er viktig. Eg tenkjer det er viktig å vite at alt ikkje alltid går bra for andre enn oss også. Den viser litt korleis me opplevde livet når me vart foreldre. Når lukka vert snudd til fortviling, og ein finn seg sjølv att i eit kaos ein ikkje finn vegen ut av. 

Neste episode går på tv2  på torsdag. Eg forsetjer mi bearbeiding då. 

Ps. Eg skriv stadig og ubevisst feil, det vert alltid Jordmord - 
og frå no av trur eg at eg berre skal late det stå slik.


Jordmord


lørdag 25. februar 2012

Mmmmm...


herrejemeni eg gler meg til Italia..


torsdag 23. februar 2012

Parkeringsplass



i dag har me endeleg fått ekstra parkering ved huset vårt. 
No kan me ta i mot besøk, utan at me treng å tenkje på parkeringsplassar. 
Hurra!! 



onsdag 1. februar 2012

Roma Amor



When the moon hits the sky 
like a big pizzapie 
that`s amore - 

I den evige stad 2012
feirer me kjærleiken. 

Eg kan nærmast ikkje venta!

søndag 29. januar 2012

Val

Ein tek val gjennom heile dagen, når kvelden kjem spørs det kva ein skal leggje mest vekt på.
Kva vil ein ha med seg i tankane til draumeland?

I dag har eg høyrt verdas aller vakraste lått.
Det er eg heilt sikker på!
-
Pleiepengeavslag og diskusjonen rundt korleis livet vert etter det.
Arbeidssamt.

Eg prøver å halde motet oppe så eg vel den vakre låtten til vesla.
Takk for at du gav meg den i dag! Det er nemleg ei heil stund sidan sist.

mandag 2. januar 2012

Godt år!

Plutseleg er me starta på eit nytt år, 
og eg har ikkje skrive noko i jola.
Oppsummert i korte trekk var den slik: 

Fyrste gong me har hatt joletre i eiga stove.

Denne nissen har fulgt sambuaren min kvar 
jol sidan han var liten. No vil den bu hjå oss. 

Flott juggel frå vatikanet - 
petersplassen kan du så vidt sjå på biletet. 
Eg reknar med paven høyrer bønene mine.

Størst av alt er kjærleiken - eller tolmodet?

Uansett, 
me har trulova oss.
Lukke! 

Dei to vakraste menneska eg veit om..


Mammo sin joleskatt! 


Lita snella - 
sosial og vaken om kvelden ,
akkurat som vanleg. 

Vonar de har hatt ei fin jolehøgtid også - 
alt godt ynskjer me for det nye året. 

torsdag 22. desember 2011

Kjære vakre vennar og familie -

jolehelsing for 2011 legg eg ut på bloggen, i staden for å sende det i posten. Hausten har nemleg vore meir enn hektisk nok for oss.


Me kjøpte oss hus og flytta frå Oslo til Vestlandet i september. Me har funne oss godt til rette blant familie og vener i området. Med flyttinga har det også fulgt ny jobb for mor og litt tid i barnehage for vesla, me trives båe to. Assistenten flytta med frå aust til vest, ho har hjelpt oss gjennom ein periode med mykje endring, og me er glade for at ho kunne vere ein stabil faktor i kvardagen for oss. No har ho takka for seg, og er attende i storbyen. Me kjem nok til å sakne ho ein heil del.

Jola er straks her, og me er ikkje spesielt godt førebudde. Fyrste delen av desember var me i Oslo, og den siste veka har det vore sjukdom hjå heile familien. Eg trur det vert ei fin jolehøgtid her vest, sjølv om kakemenna er kjøpte, jolehorna er brente og edelgrana litt skakk.



Alle gode ynskjer for jolehøgtida og det nye året, kjære dere!

søndag 11. desember 2011

Hu hei, kor tida går

Er attende i frå travle Oslo. 

Me har vore på kommunikasjonsteam, og fekk mykje utav det oppholdet. Ti dagar vekke frå hus og heim like før jol, betyr også at me er langt bakpå når det gjeld joleførebuing. Altså har me hektiske dagar, då me prøver å redde jolestemninga, jolegåvehandelen, jolekorta og jolejola! De forstår ?!

Bloggar meir ein dag eg har noko fornuftig å kome med... 

Godo joleførebuing, så lenge!

tirsdag 15. november 2011

Episode 2


Nytt inngangsparti, så me kan sprade rett inn til bassenget - 
utan gjørmete fotar. 
Praktisk! 



The pool 
Godgjorde seg i 5,5 timar med å fylle vatn, 
deretter to dagar på å varme opp i frå sju grader til 
38. 


38 er heilt klart å foretrekke :0)





fredag 11. november 2011

Episodar frå ein kvardag



*Dette hende i førre episode:
(den har ikkje vore vist offentleg før no)

 Dugnad: felling av tre på eigendomen

Dugnad: Bygging av "Poolhouse"

Me får vindauge og veggar også.... 

Bassenget kom i frå oven, litt vanskeleg å kome skikkeleg til, så 
det måtte heisast over hustaket før det landa trygt og godt der det var meint. 

*Episode 2: to be continued 

onsdag 5. oktober 2011

Utan nett - utan tid

Skal byrje oppdatere så snart me har nettilgang heimefrå.. Altså - når telenor si nettpatrulje er ute.
Det kan ta litt tid med andre ord.

Me har flytta inn.
Eg har byrja i den nye jobben.

Det var dagens oppdatering.

søndag 25. september 2011

Halvvegs på plass

Me har brukt mykje tid på huset vårt den siste veka. Det har stort sett gått i nedvasking, det har vore ein stor jobb. Det var nesten så det hang rotter fast i spindelveva... berre nesten.



I helga byrja me måle stova, me har måla med Sens frå Jotun, med ein lys farge og to ulike bruntonar (som ikkje er så lett å sjå på bileta.) Heldigvis er det godt med hjelp, elles hadde me nok ikkje flytta inn før til jol.

Er litt spent på korleis peisen kjem til å sjå ut med nokre lag til med måling, 
håpar eg vert nøgd. 

I morgon er det nokre strøk til, 
finne ut av kva me gjer med rommet til vesla og 
korleis gangen skal sjå ut. 
Deretter tenkjer me å starte innflytting sakte men sikkert, 
heldigvis har eg tolmodige svigerforeldre. 

Fin sundag til dere! 

søndag 18. september 2011

Me pakkar ned livet i Oslo





- og set kursen mot vest i morgontidleg. 

Eg og Mr. Sambuar drøymde aldri om å bu i Oslo, 
før me plutseleg var her. 
Me drøymde aldri om å vere lenger i byen enn 
å ha tid nok til å fullføre utdanninga. 
Plutseleg hadde me kjøpt leiligheit, 
fått ei jente og byrja jobbe her. 
Plutseleg var det her me levde livet,
seks år. 
Me har opplevd mykje her, 
både lått og tårer.  
No er det over. 
Det kjennes vemodig. 
Eit nytt kapittel skal skrivast i våre liv-
ein annan stad i landet.



fredag 16. september 2011

Siste dag


Radiohuset. Bilete lånt frå nrk.no

I morgon er min siste dag på jobb i Norsk Rikskringkasting. 
Det har vore nokre spennande år, 
eg har lært mykje og eg synes eg er heldig som fekk jobbe 
i hjarta av norsk media. 

Litt vemodig at det heile er over, 
eg har vandra inn og ut av radiohuset sidan 2006. 

No er eg klar for ny eventyr på 
Vestlandet. 

Skal berre feire litt med gode kollegaer fyrst. 

tirsdag 13. september 2011

I eit hus med hage..


skal me bu - 
og leve lukkeleg 
alle våre dagar ?! 

Flyttar straks inn i eige hus, 
jøss kor vaksen ein kan verte.