søndag 29. april 2012

Åh, skatten min!


Rot i systemet eller system i rotet?

Eg har fått baksmell på skatten.
På dette kaotiske kontoret prøver me å snu tala frå minus til pluss.
Utruleg nok har me funne det meste av kvitteringar. 

lørdag 28. april 2012

På betringens veg?

Dei siste månadane har vore harde. Vesla har vore i veldig dårleg form, frykteleg stiv i kroppen og magen har ikkje fungert slik den skal. Det har sjølvsagt gått ut over søvnen. No har aldri vesla vår vore så glad i å sove, men når det betyr at me sit oppe halve eller heile nettene med ein grinete unge, over fleire månadar, så er det klart at ein mistar litt motet sjølv også.

Den framgangen me hadde sett, stoppa plutseleg opp, ho har hatt nok med å vere i kroppen sin. Fokusere på å ikkje ha det vondt. Det slo meg i dag, at me ikkje har lest i bøker og leika med instrument dei siste månadane. Ting ho liker godt. Ingen har orka.

På onsdag avslutta me ein kur ho har gått på, og me har mistenkt at den kunne vere medvirkande til problema. I går var plutseleg humøret heilt annleis. I natt har ho sove 11 timar samanhengande!!!!! Og absolutt alt ser litt lysare ut. Det skal ikkje så mykje til :)

Eg håpar den dårlege perioden er over, den treng aldri aldri kome attende til oss. Dette er slik me treng å sjå jenta vår og det er slik ho treng å ha det sjølv.


torsdag 26. april 2012

Drøymehuset

Kjøttmeis observert med reirmateriale i nebbet. 
Den flytta rett inn i det vakre huset som vart satt opp førre helg. 

Det næraste eg nokon gong kjem funkishus, sikkert. 

torsdag 19. april 2012

Dragefrukta reddar dagen!



I det siste har det vore uoverkommeleg å skrive på bloggen. Me har hatt hendene fulle av veslejenta, bokstaveleg tala. Magen virkar ikkje slik den skal og det har vore ei utfordring i fleire månedar no. Den siste tida har dette slått ut kroppen hennar også, den har vore stiv og lite samarbeidsviljug. I går fekk me eit tips om å prøve dragefrukt. Det er rart, men det ser ut til å ha ei god innverknad både på mage og stivheit, dagen har vore god.

Her sit eg klokka 20.45 og vesla søv. SØV!! Det er lenge mellom kvar gong eg opplever slikt, så no skal eg berre nyte det.

Oppdatering: Ho vakna ein halvtime etterpå... Men ho er i allefall betre i kroppen enn ho har vore på lenge.

fredag 23. mars 2012

Hvem sa . . .


Men hvem sa at dagene våre
skulle være gratis?
At de skulle snurre rundt
på lykkehjulet i hjertet vårt
og hver kveld
stoppe på gevinst?
Hvem sa det?
Hvor hadde vi dét fra?

Hvem sa at livet vårt
skulle være lett å bygge ferdig?
At mursteinene var firkantede ballonger
som føk på plass av seg selv?
Hvem sa det?
Hvor hadde vi dét fra?

Der var piller for alt: nerver,
vedvarende hoste og anemi.
Men hvem sa at snarveiene
støtt var kjørbare? At fjellovergangene
aldri snødde til? Og at nettopp vi
skulle slippe å stå fast i tunnelen?
Ja, hvem sa det?
Hvor i all verden hadde vi dét fra?

Kolbein Falkeid

torsdag 15. mars 2012

Walker


Frøkna øver seg på å gå i Walker  

Det siste året har me hatt dette hjelpemiddelet ståande heime, det har tatt masse plass og eigentleg berre vore i vegen. Me har ikkje brukt det i det heile. I vinter har me kvitta oss med ståskallet, og bestemt oss for å prøve walkeren i staden. Førre veke hadde me besøk frå nokon som justerte det. No fungerer det ganske godt, ho trives når ho kjem på at ho ikkje treng å grine lenger.



tirsdag 13. mars 2012

Kaptein Sortebill

Nei, me har ikkje leika karneval heime -
det er koltablettane som skal hjelpe for magen som ser så grusomme ut.


Ho var nøgd berre me sang songen om Sortebill, vesle frøkna.
Hehe.. 

tirsdag 6. mars 2012

Beretninger om begynnelser

På torsdag i førre veke såg eg eit ansikt i fjernsynsruta, ei kvinne eg ikkje hadde sett på tre år. Det sugde meg automatisk inn i dokumentarenserien Beretninger om begynnelser. 

Me møtte Nina og Målfrid då me låg på Obs.posten på Ullevål. Du var nyfødd, me var kasta ut i eit reint helvete der kontrastane var så enorme. Gleda og forventningane over å verte foreldre kontra alvoret og krisa. Me visste rett og slett ikkje om du kom til å overleve. Å sjå film frå avdelinga vekkjer minner som eg mest ikkje visste at eg hadde. 

Angsten for pipa som oppkallinga på personsøkjarane til legane gjev. Duren av dispensarar med antibac. Dei alvorlege samtalane med Nina, Målfrid og dei andre på avdelinga.
Den lange, lange, lange gangen der eg ein gong gjekk med kroppen full av innsovingsmedisin. Eg måtte ned til deg, det stod alvorleg til. Eg trudde du kom til å dø før eg rakk fram. 
Å vakne midt på natta og håpe at ein er død sjølv. 

Panikken som greip meg då dei i serien trilla ei av mødrene inn på føden. Eg hadde nemleg ikkje tenkt på at det kunne vere "vår" jordmor som var der som fødselshjelpar. Det er best å ikkje vite kva ho gjer i dag.
Legane på føden, så trygt alt ser ut. God oppfølgjing.

Eg kjem nok alltid til å tenkje at eg ikkje forstår kvifor det ikkje kom nokon til oss den gongen. Eg kjem nok aldri til å få eit godt svar på det. Eg kjem nok aldri til å kome over det heller. 

Uansett, serien er viktig. Eg tenkjer det er viktig å vite at alt ikkje alltid går bra for andre enn oss også. Den viser litt korleis me opplevde livet når me vart foreldre. Når lukka vert snudd til fortviling, og ein finn seg sjølv att i eit kaos ein ikkje finn vegen ut av. 

Neste episode går på tv2  på torsdag. Eg forsetjer mi bearbeiding då. 

Ps. Eg skriv stadig og ubevisst feil, det vert alltid Jordmord - 
og frå no av trur eg at eg berre skal late det stå slik.


Jordmord


lørdag 25. februar 2012

Mmmmm...


herrejemeni eg gler meg til Italia..


torsdag 23. februar 2012

Parkeringsplass



i dag har me endeleg fått ekstra parkering ved huset vårt. 
No kan me ta i mot besøk, utan at me treng å tenkje på parkeringsplassar. 
Hurra!! 



onsdag 1. februar 2012

Roma Amor



When the moon hits the sky 
like a big pizzapie 
that`s amore - 

I den evige stad 2012
feirer me kjærleiken. 

Eg kan nærmast ikkje venta!

søndag 29. januar 2012

Val

Ein tek val gjennom heile dagen, når kvelden kjem spørs det kva ein skal leggje mest vekt på.
Kva vil ein ha med seg i tankane til draumeland?

I dag har eg høyrt verdas aller vakraste lått.
Det er eg heilt sikker på!
-
Pleiepengeavslag og diskusjonen rundt korleis livet vert etter det.
Arbeidssamt.

Eg prøver å halde motet oppe så eg vel den vakre låtten til vesla.
Takk for at du gav meg den i dag! Det er nemleg ei heil stund sidan sist.

mandag 2. januar 2012

Godt år!

Plutseleg er me starta på eit nytt år, 
og eg har ikkje skrive noko i jola.
Oppsummert i korte trekk var den slik: 

Fyrste gong me har hatt joletre i eiga stove.

Denne nissen har fulgt sambuaren min kvar 
jol sidan han var liten. No vil den bu hjå oss. 

Flott juggel frå vatikanet - 
petersplassen kan du så vidt sjå på biletet. 
Eg reknar med paven høyrer bønene mine.

Størst av alt er kjærleiken - eller tolmodet?

Uansett, 
me har trulova oss.
Lukke! 

Dei to vakraste menneska eg veit om..


Mammo sin joleskatt! 


Lita snella - 
sosial og vaken om kvelden ,
akkurat som vanleg. 

Vonar de har hatt ei fin jolehøgtid også - 
alt godt ynskjer me for det nye året. 

torsdag 22. desember 2011

Kjære vakre vennar og familie -

jolehelsing for 2011 legg eg ut på bloggen, i staden for å sende det i posten. Hausten har nemleg vore meir enn hektisk nok for oss.


Me kjøpte oss hus og flytta frå Oslo til Vestlandet i september. Me har funne oss godt til rette blant familie og vener i området. Med flyttinga har det også fulgt ny jobb for mor og litt tid i barnehage for vesla, me trives båe to. Assistenten flytta med frå aust til vest, ho har hjelpt oss gjennom ein periode med mykje endring, og me er glade for at ho kunne vere ein stabil faktor i kvardagen for oss. No har ho takka for seg, og er attende i storbyen. Me kjem nok til å sakne ho ein heil del.

Jola er straks her, og me er ikkje spesielt godt førebudde. Fyrste delen av desember var me i Oslo, og den siste veka har det vore sjukdom hjå heile familien. Eg trur det vert ei fin jolehøgtid her vest, sjølv om kakemenna er kjøpte, jolehorna er brente og edelgrana litt skakk.



Alle gode ynskjer for jolehøgtida og det nye året, kjære dere!

søndag 11. desember 2011

Hu hei, kor tida går

Er attende i frå travle Oslo. 

Me har vore på kommunikasjonsteam, og fekk mykje utav det oppholdet. Ti dagar vekke frå hus og heim like før jol, betyr også at me er langt bakpå når det gjeld joleførebuing. Altså har me hektiske dagar, då me prøver å redde jolestemninga, jolegåvehandelen, jolekorta og jolejola! De forstår ?!

Bloggar meir ein dag eg har noko fornuftig å kome med... 

Godo joleførebuing, så lenge!