Finske Arto Paasilinna har eg høyrt mykje om i det siste, så det var på tide at eg fekk lest noko av han. Eg slo til med Den elskelige giftblandersken, den viste seg å vere både lettlest og morosam.Eg kjenner ikkje så godt til Finland og finnar, men denne boka står i stil med fordommane eg opparbeida meg på finskebåten mellom Stockholm og Helsinki i år 2000. Altså er det litt badstu, mykje alkohol og banning. Ei gamal oberstinne, 3 gustne fyrar og ein lege er involvert når livet speler alle saman eit puss. Galgenhumoren er på plass, og det er ubetaleleg når det vert sagt at ein bør få fengselsstraff dersom ein tek livet av eit barn, derimot er det nok med bøter dersom det gjeld eit gamalt menneske. Dei skal trass alt dø snart likevel?!
Eg likte boka, men har endå større forventningar til Kollektivt selvmord. Det er notert at den skal lesast etterkvart. Kva med dykk, vil gjerne vite kva de der ute les.
3 kommentarer:
Har prøvd meg på lydbok, paktens voktere av Tom Egeland, framifrå lese av Erik Hivju. Den kan eg absolutt anbefala. Handlar om ein "spesiell" og sta albino arkiolog som kjem på sporet av ein spesiell kode ( Snorri codex, på Island)handlinga går tilbake til, oldtida, vikingtida og mellomalderen. Koden som går igjen er tre teikn ANK, TY og KORS
Eg lese ei Anna Gavalda - bok! Love her :) Elelrs holder eg stadig på med salme ved reisens slutt som eg lånte med deg, men den syns eg er kjedelig..hehe. kan ikkje hjelpe for det.
Besten: Det høyres ut som ei bok du kan like, ja :0) Litt sånn Da Vinci-koden aktig?
Else: ahhh..har ei på tapeten eg også. Saman er ein mindre aleine. Kva for ei har du lese?
Legg inn en kommentar