Det er ikkje så lett å forstå seg på verda. Eit av dei store spørsmåla eg stiller meg for tida er ikkje knytt til religion, krig, politikk og eksistens. Det er av meir kvardagsleg karakter; korleis er det mogleg at mengde saft har auka etter trultemor har drukke? Er det rein magi eller ein utspekulert anti-drikke taktikk? Skubbar ho inn spytt eller? Det har i alle fall skjedd opp til fleire gongar i det siste. Det er 5 ml meir i flaska når ho er ferdig, enn då ho starta. Det ser og høyres ut som ho drikker, så dette forstår eg slett ingenting av.
I dag har Mr. Sambuar hatt sin fyrste dag i ny jobb. Eg håpar det vert så spennande og gjevande at den lange tbaneturen vil kjennast som ein leik. Det er stas med ny jobb, men heilt ærleg trur eg det var litt overveldande då han fekk tildelt kontor og eit hyggeleg; det er berre å gå i gang. Kvar skal ein starte når ein tek til på eit 5 år langt prosjekt? Direkte på kjeldelista?!
Oppdatert tannstatus: Oppsida har utligna til 3-3, etter eit nytt gjennombrot til høgre.

4 kommentarer:
HEi. Gullet ser så fin....ut altså. Håper hun blir skikkelig bra snart. Henger litt i denne forkjølelsen.
Sikkert en stor overgang for far og starte i ny jobb. Kosa deg hjemme i morgen du da.
Hilsen bestemor
Det var to fine auger på trultis :)
Kortet frå dekan står i vindauga på kjøkkenet, så ho kikkar på oss ved kvart måltid.
for ei nyyydelig trulte!!! Ho he dei finaste augene!! :D :D Jammen blitt kjempe stor og endå finere enn sist ej såg bilde!:D
:0) Ja, ho er skjønningen vår..
Legg inn en kommentar