Nybaka pizzabollar og Friends, det må vere ein god sundagskombinasjon.
Helga har gått med til oppussing av gangen. Det vert påstått at veggfornyar er supert over gamal strie, men det er mykje meir arbeide enn forventa. Ekstra lim i etterkant, og sparkel, med eit noko usikkert resultat er ikkje spesielt stas.
I dag har me hatt ein loppemarked-date med nokre vennar. Det var på ingen måtar ei vellukka affære. Det hadde ingenting med vennane våre å gjere, berre for å ha det sagt fyrst som sist. Dei
gjorde plikta si, var hyggelege og spiste kake i lag med oss. Det er rett og slett ei utfordring å kome seg ut for tida. Bilsetet er ikkje populært, vogna er berre til soving og bæresele er uaktuelt. Kva gjer ein då? Me er i villrede. Som vanleg var det vanskeleg å få til vognturen, så i staden for å trille til loppis, måtte pappa bære Trulte halve vegen. Bæring er tingen, berre så synd me ikkje har funne noko god bæresele. Det er litt vanskeleg når beina stivnar slik, men no håpar me å få hjelp med å få tak i eit godt alternativ.
No er me slitne etter ein lang dag, skal sjå litt Friends og ete pizzabollar med pesto og fenalår, før me stuper til køys. Klar for ny hard veke, med mykje program.
6 kommentarer:
Jammen bra Trultemor tar ansvaret sitt alvorleg og held foreldra i aktivitet, tenk om dei skulle dovna hen på sofaen med potetgull og cola og fjernkontroll, Nei aktiivitet 20 timar i døgeret er tydelegvis resepten på friske og raske foreldre. Nytt på og ta nokre velfortente minutt i horisentalen før Trultemor startar treningsøkta igjen, Sleep Well
Vart det noko loppisfunn?
Friske og raske er vel det motsatte av oss for tida. Men kanskje det kjem tilbake ein dag..
Loppisfunn? Fann loppemarknad, men var så seint ute at alt gullet var vekk..Trist.. Eg som kunne ha kjøpt skapa fulle av Turi-design frå Figgjo.. :0)
Hei. Eg har vorte tipsa om denne sida, sidan du skriv så godt om stort og smått. Har høyrt at de har hatt eit tøft år, og har tenkt mykje på dykk.
Men over til bæring. Har de prøvd bæresjal? Eg brukte det ein del, og likte å bære i det fordi det er så fleksibelt. Men om ungen ikkje vil, hjelper det kanskje ikkje. Eg brukte også noko som heiter ergosele, som eg var veldig nøgd med, fordi det var enklare å bruke på ryggen enn bæresjal. Kanskje er det ikkje naudsynt å tipse om slike ting, bæring er jo vorte ganske hot. Men i tilfelle rotefelle, på denne sida er det mykje informasjon å hente: www.tettinntil.no
Hei Kristine!
Har prøvd sjal, og har funne ein stilling som virkar til å passe ho betre no. Men slik ergosele har eg ikkje prøvd, det skal eg jammen sjekke. Kan vere greit å ha noko å veksle mellom, sidan babybjørn-selen ikkje er aktuell lenger. Takk for tipset!
Legg inn en kommentar