Balkongutsikt då vesla tok seg ein ettermiddags lur
Nok ei helg nærmar seg slutten, dei siste helgene har me vore relativt sosiale. Den siste helga har ikkje vore noko unntak. Forutan besøk av svigermor, har me i føremiddag hatt besøk av gode vennar. I tillegg til to avbalanserte og flotte pedagogar, kom to aktive karar og ei lita, vakker jente. Begeistra tok gutane fatt på innefotball med svære pilatesballar. Det endte med at ein av brødrene datt rett i bollane som stod til heving. Til pass åt meg når eg sat dei på golvet, ikkje sant?! Me fekk oss ein god latter i alle fall.

2 kommentarer:
Tydeleg at fotoapparatet funkar, nesten finare på\ bilete enn i verkelegheita. Steikjer de bollar med gutar i, dårleg gjort. De får helder sleikja deigen av dei.
Avbalanserte og avbalanserte fru Blom! Av og til kjenner eg at aktiviteten deira kan verte i meste laget, men skjønne er dei likevel- godgutane mine:)
Hilde
Legg inn en kommentar