lørdag 5. desember 2009

Eg har landa..

Eg hadde tidenes beste ettermiddag i går. Frikveld.

3 timar med spabehandling ved det eldste badet i hovudstaden. Eg fekk peeling, massasje, innpakning, ansiktsbehandling og fotbehandling. Eg var nærmast ikkje nedpå jorda då eg gjekk ut der i frå. Fantastisk deilig å få litt tid for seg sjølv og få litt stell. Snille, snille sambuaren som ordna til meg.

Etterpå gjekk eg saman med ei venninne og spiste tapas, og sladra om gamle kjende. Det var ein riktig fin kveld! Fint å ha ei venninne heimefrå i byen, det er alltid litt ekstra stas med ho som eg har kjend sidan me var ørsmå.

No har eg landa. Eg fekk sove lenge i dag, og har såleis vore ekstra heldig. Helga går med til litt vask i hus og mykje kos med trultemor. Så får me sjå om me klara å dra i land nokre jolepakka etterkvart, det ser ikkje så veldig lyst ut enno.
Ynskje mine gode lesarar ei fin helg!

3 kommentarer:

Linda sa...

Å, så deilig det hørtes ut! Kjempeflott presang fra din snille samboer. :) Ønsker dere en riktig god helg vennen. Stor klem fra Linda

Synnøve sa...

Det hørtes deilig ut og vel fortjent:-) Håper dere sladret litt om meg og!

Bibliotekarspira sa...

Om eg skal seie det sjølv, så syns eg også at eg fortente det..Og jammen meg vart eg nøgd!

Du dukka opp i samtalen Synnøve, me prata om tidene heime, då vert det gjerne slik. :0)