Vakkert ver då me køyrde heim i dag. Dette biletet vart tatt i bilen på veg over Hardangervidda, det var nydeleg ljos ute, men ein kunne ikkje stoppe då det var så ufyseleg kulde ute. Me er glade for at me avbraut planen om å reise i går, sjølv om Mr.Sambuar var noko raud i toppen etter å ha bore ned - og oppatt - all bagasjen i gårtidleg. Det kjennes som ein risiko å farte over fjellovergangar på denne tida av året, og forskjellen mellom i dag og i går var stor.
No er me altså framkomne, og nyt varmen frå peisen og kvar sitt glass med raudvin.
Jolefreden kan med andre ord senke seg.
4 kommentarer:
vegstikker i solnedgang :) vakkertvakkert..
god jul!!
God jol til deg også, søta! Må sei det er stasleg at du følgjer bloggen i frå Thailand.. Hoho..
Gler oss til å sjåast på nyåret. Håpa du kosa deg masse :0)
God jol til deg og dine!!
Stor klem frå meg :D
takk Silje, dere også!
Legg inn en kommentar