Trollhasselen er komen i jolestemning og pyntar seg med alskens nydeleg jolepynt.
Desse er frå 1950 og kjøpt brukt i København.
Pynten minnar meg om besteforeldra mine sitt joletre. Dersom eg kjem over meir gamalt i same sort,
så skal eg investere. Det er så fint å tenkje på at akkurat denne pynten har hengt på andre sitt
joletre, og eg plar fundere litt over korleis jola hjå dei menneska såg ut. Var det song, latter og barneglede?
Eg foreslår at de også funderer litt over det, det er ein fin pause i vår hektiske førjolskvardag.

3 kommentarer:
dei var kule :) lurer på hvordan julepynten er i thailand. litt som i australia kanskje? nissen på vannscooter...gler meg :)
Du må og ta fram karen blixen jolapynten og henga opp. Så kan trultemor henga og skina på ei grein :)
Aiai...Thai-jol, spennande... Gler meg til å høyre alt!
Og Geitrams, sjølvsagt skal Blixen fram. Må få tatt eit fint bilete berre, og det var litt vanskeleg!
Legg inn en kommentar