Det har vore ei fin helg, og den vart avslutta på aller beste måte. I føremiddag hadde me ein "badedate" i eit basseng i nærleiken, no fekk eg endeleg forklart forskjellen mellom badekar og badebasseng for sambuaren min. Han brukar konsekvent å kalle badekaret vårt for badebasseng, men eg kjenner at det kling litt feil i mine øyrer, det er trass alt ikkje badevaktar og moglegheitar for å dykke etter nøklar på djupet. Det er lenge sidan sist me har hatt med oss ei lita trultemor i basseng, så ho var ganske overvelda over det heile. Eg er ikkje riktig sikker på om ho likte det eller om ho kosa seg i ein litt skeptisk form. Sliten vart ho i alle fall, og me fekk i det minste fram smilet då me hoppa opp og ned i vatnet. Hopping slår aldri feil!
Bollar og kaffi fekk me også tid til på næraste skogscafe, det var tjukt med folk, og me trudde borna sov. Vesla stod ute i lag med kompisen sin, og då me sjekka var ho blodig fornærma, ho hadde tydleg ula lenge. Heldigvis hadde veslekompisen godt sovehjarte, han har ikkje letta på augnelokka til trass for at det låg ei jente ved sida og skreik til krampen tok ho. Det må vere noko spesielt med menn, dei startar treninga for utsjalting allereie i ung alder. Prinsessa vart redda og prinsen sov vidare, så sundagen endte godt for alle partar. Vonar lesarane mine også har hatt ei fin helg!
NB! Det er rein plikt å fortelje at eg lånte utrykket "bading og vafling" av ein liten og sjarmerande venn i Kongsberg. Det er hans, men eg kjenner meg nødt til å spreie slike vakre vendingar!
6 kommentarer:
Vafling er bra, men bading (spesielt i fjorden no) er enno bra-are. God at helga var vellukka
Godt dere koste dere på bading. Får gå oftere så tenker eg tullemor venner seg til det.
Bestemor
VI pleier å kalle badebaljen vår for basseng:-)
Me kosa oss veldig på bading! :0) Eg forstår no Synnøve at alt er basseng så lenge ein har god nok fantasi!
Eit nydelig utrykk, trur vi må få til det igjen snart:)
God klem:)
Ja, Hilde, me må kome på besøk snart!
Legg inn en kommentar