Etter me fekk den vesle jenta vår, har me merka kor vanskeleg det er å bu ein stad utan besteforeldre og anna familie som kan hjelpe oss. Me har mykje å dele, både fint og vanskeleg. Me skulle heilt fint ha klart å setje dei aller fleste i arbeide. Det slår oss stadig oftare at det hadde vore ein heil del enklare dersom ein hadde hatt nokon i nærleiken som kunne ha henta i barnehagen ein dag innimellom, laga middag ein torsdag eller simpelthen vore så gild å kome for å ta frøkna med på trilletur. Me er ikkje så heldig stilte at me har familie her, men me har noko som kjem ganske tett opptil. Gode vennar.
Tusen takk til aller beste "Vesle bjørnen" som kom når me trengte hjelp på laurdag! Ikkje berre kasta ho alt ho hadde i hendene og heiv seg på eit tog då eg ringte. Ho kom med desse vakre tulipanane til meg. Eg set så ubeskriveleg stor pris på å ha så gode vennar.
7 kommentarer:
Fordi du fortjener det, tenker eg!
Godt du setter pris på gode venner, de vokser nemlig ikke på tre. Ta godt vare på de.
Bestemor
Heldige er dei som har gode vener langt heimafrå. Ta godt vare på dei, så kjem nok snart "slekto" ein tur innom og. Godt å høyra at jentene rir stormen når mannen i huset har havaret rygg. Håpar på rask betring
Hei! Eg skulle so gjerne ha komt innom... Dokke er i tankane mine iallfall! Sååå godt det er når venner kjem... Ofte er det i nøden ein ser kven som er venner...
Hei, no er det lenge siden jeg har vore innom bloggen din... Havarert pc for n'te gang, no er det berre bærbar. Hva har dere valgt av barnehage og hjemmeværende mor/far? Du snakket om at dere ville vurdere å ta henne ut av barnehagen etter jul. Hvis du vil se bloggen til Mari på tur, finner du den på www.oss2patur.blogspot.com Det står kanskje på FB også (trur det bare er Sindre som har lagt den ut...). Klem tante Randi
Den vesle bjørnen helser og gratulerer til Synnøve som har heilt rett! Eg kjem sjølvsagt susande fordi de fortener det!!! :)
og kanskje den vesle bjørnen får seg bil snart og då blir det enda lettare!
hihi..Verdas beste vesle bjørn i bil :0)
Legg inn en kommentar