Kjære dere som følgjer oss
Å ha ei fantastisk, flott lita jente er ikkje nok til å gje oss støtte til å setje i gang eit intensivt treningsprosjekt.
Det er ikkje akkurat slik at NAV ringer og seier dei har høyrd om den vakre,veslejenta vår og vil satse litt pengar på ho. (Slik skulle det naturlegvis ha vore!)
Fleire familiar som ynskjer å trene intensivt med borna sine har byrja få problemar med støtte frå NAV. Det største problemet for tida er at dei ulike landsdelane har ulike rutiner for om foreldre får pleiepengar for å vere heime og trene borna sine. Pleiepengane er til gode for borna, som har sjanse for ei betre framtid og har familien si støtte rundt seg. For familiane vil pleiepengane vere viktig så dei slepp å verte økonomisk ruinerte.
Det er ein del familiar som oss, fleire som har opplevd mykje av det same som me har vore gjennom. No er det starta ein organisasjon som kallar seg "Hjernebarna Norge". Organisasjonen jobbar blant anna med å få til ei ordning der alle heimetrenande familiar skal ha same økonomiske rettar.
Kjære tanter og onklar, besteforeldre og vennar -
de er hjarteleg velkomne til å støtte vår veslejente,
og mange andre fantastiske born og foreldre
som gjer ein kjempe innsats for at borna deira skal ha ein
reell sjanse i livet.
Støttemedlemskap hjå Hjernebarna
kostar 100,-
og kan betalast inn på kontonr:
9497 05 25925 i Handelsbanken
9 kommentarer:
Endeleg ei gruppe, høyrer om tragiske hendingar stadig vekk men har hatt følinga av at det er få med desse problema som veit om kvarandre. Helsar verkeleg tiltaket velkomen og skal sjølvsagt verta støttemedlem.
En viktig sak, som vi selvfølgelig må støtte.
Mormor i T. dal er her, og sa ja til å bli støttemedlem med en gang. Må få resten av familien med på å bli støttemedlem og. Alle monner drar.Glad der er kommet ei gruppe som skal hobbe foe deres sak.
Bestemor er støttemedlem så klart.
Stå på!!
Bestemor i Å.
Selvfølgelig støtter vi en så god sak som dette, og er blitt støttemedlem.Noen som henger seg på?
Koseklem fra Inger og Rolf
Herlig!! Dess fleire, dess betre!
:0) Me vert veldig glade!
Så bra tiltak!
Det offentlege er ikkje alltid der ein kunne ynskt diverre.
Håpar dykkar kontor ser det me ser :) (synd du ikkje høyrer til mitt kontor..)
http://www.tv2nyhetene.no/innenriks/petrines-pappa-faar-endelig-loenn-for-aa-pleie-datteren-3196550.html
Her snudde saka heldigvis!
Vi støtter :)
Hilde og Biv
God aften!
Då har "tante" G blitt støttemedlem og har i tillegg sendt e-post til alle Spretts slekt og venner med oppmoding om å gjere det same!!
klemklem
Legg inn en kommentar