fredag 16. april 2010

Friday I'm in love

Fredag og helg igjen. Fredag er den beste dagen i veka, tykkjer eg. No sit eg i sofaen og slappar av, har sendt mannen ut på lønningsfeiring.

Sjølv har eg ein date med Karl Ove Knausgård, fyrste boka, i kveld. Aller fyrst må det stilne på soverommet, for der lyder det nokre småul frå akkurat no. Satsar på nokre timar med skattejakt i morgon, eg er utstyrt med småpengar, ikkje spade. Loppis i "nabobygda". Me like!! Kanskje eg legg ut bilete av skattane dersom eg finn noko vakkert.

Minner dykk om å delta på konkurransen min, eg trekkjer på sundag.

Ha ei fin helg så lenge, alle mine gode lesarar!

2 kommentarer:

Geitrams sa...

God helg!
Misunneleg på alle loppisturane dine..her er eg heldig om det er ein basar med åresal og vafler. Hihi. Klem :)

ane sa...

Einig med fredagskveldar! Min fredagskveld var på gospelnight med eldste dotter, der ho både leia kvelden som eit fyrverkeri og song nydeleg på ein solo... Mange flotte ungdomar sytte for høg musikk og god stemning. Den vakraste fredagskvelden eg har hatt på lenge. Lukke til med skattejakta! God helg frå oss! Klem