tirsdag 6. april 2010

Gult kort!


Det er fort gjort.


Eit lite liv spirer og gror

har verda for sine føter



Eit uoppmerksomt augneblink.

Nokre trøytte timar.

Eit komma
for deg

Gult kort.

Advarsel.


Eit punktum
for oss

Raudt kort.

Eit  liv som går i oppløysing.



Takk til Statens Helsetilsyn som gjer oss til eit nummer i rekkja av ubetydelege trasige saker.
Og livserfaringa at ein aldri skal stole på andre enn seg sjølve.


2 kommentarer:

besten sa...

Dyrtkjøpt erfaring, men so sant so sant. Det tristaste er at når vårt fantastiske helsevesen gjer så katastrofale tabbar så vedkjenner dei seg det ikkje og tek ansvar for å ordna opp det, men er arrogante og ovanfrå og ned skuldar på kvarandre og prøver å "røykleggje" heile hendinga så god dei kan. SKRÆMELEG, håpar ikkje alle er slik!

ane sa...

Så tankevekkande og korrekt sagt! Fantastisk ordleik! Leik med ord som blir so innhaldsrik... Du er jammen dyktig! Eg er så einig i dette helsesystemet, og ja, system generelt... Det er til mang ein frustrasjon. Godt du likte det du fekk frå meg. Varm klem frå Hagebø