onsdag 25. august 2010

Ein intensiv dag

I dag har me endeleg nådd dei oppsatte måla for programmet denne veka. Kvar veke aukar me den intensive stimuleringa, og eg skal innrømme at eg har kjent meg litt famlande i starten. Det vert mykje utprøving sidan me er i startfasen, ein skal finne gode rutinar og smarte løysingar for at alt skal gå lettast mogleg. Litt startvanskar og ei øyrebetent jente har gjort at starten har vore meir forsiktig enn planlagt. Det ser ut til at alt løyser seg når me berre har fått tid nok til å lære programmet og få det inn i henda, og dei gode løysingane dukkar opp etterkvart.  

1 stk. inclined floor

Her er ein liten smakebit av vårt dagsprogram denne veka:

13 masker
11 balanseøvingar
7 Inclined floor
2 skall x 40 min
2 bad x 20 min
10 luktar
10 lokalisere lyd
3 høge lydar
8 lokalisere lys
8 andre lysstimuli
7 sensory

Det vert spennande å sjå kor effektive me vert etterkvart som me legg på øvingane, me skal blant anna auke til  25 balanseøvingar. Reknar også med at me får ein del auke og nye øvingar når me får snakka med FHC når me reiser over.

Men altså - hurra for oss i dag! Me har vore flinke, og tenkjer forsetje i det sporet. Me er superglade for å vere i gang, og det kjennes så godt å ta grep om våre eigne liv. Hoho...

9 kommentarer:

Geitrams sa...

Wow!
For eit flott opplegg!
Eg heiar som vanleg på dekan!

Anonym sa...

HURRA!!
HEIA, HEIA, HEIA!!

Frå heiagjengen

Else sa...

Rekker dere over alt dette på en dag! Jeg lurer dessuten veldig på hva "skall" vil si..

good luck!

besten sa...

Eit formidabelt opplegg, meir som oppkøyring til OL, dette gjer nok utøvaren og treningsteamet ein godt utgangspunkt for winning effect. Spanande å fylgja med på utviklinga. Dessutan snart eit år sidan bloggen vart oppretta, også spanande å fylgja med på nye innlegg og det eg er mest spent på for tida er vil det verta 12500 besøk innan 30.08.10 ??

Synnøve sa...

HURRA for dere!!!

ane sa...

Ja, her var det mange kjende omgrep... Hugsar dei frå eit anna lite frøken. Ønskjer dokke gode treningsøkter og godt mot. Varme klemmar...

Anonym sa...

Dere er fantastisk flinke.Setter utrollig pris på å få følge med på bloggen hva som skjer.Er stolt av dere og vesla.
Stor klem fra oss i Olsvik

Tante S sa...

Flott, flott, flott :D No blei tante gla og stolt :D <3

Bibliotekarspira sa...

Else: Skall er ståskall, du har sett det, meiner eg.

Besten: Jamen eg har teljar som starta seinare enn bloggen. Bloggen starta i byrjinga av august. Og - nesten 12500!! Oioi..

Takk for alle gode ord frå mine trufaste!!