Håpet skal ein ikkje kimse av.
Vårt håp heiter Family Hope, ikkje heilt ukjend for dykk som følgjer oss fast. Me er i gang med den intensive treninga, den starta i byrjinga av august. Ein heil del har ordna seg godt for oss den siste månaden. I tillegg til at me har fått ein superflink assistent i hus, har me fått timeavtale i Philadelphia. For tida er det høg førebuingsfaktor til USAturen, det vert ei spennande og krevjande veke i byrjinga av september. Me gler oss til å få eit meir skreddersydd opplegg til vesla.
1 kommentar:
Så fint at dere har vært heldig med assistenten. Kan tenke meg at det må har vært spennende å ansette en person som skal være så tett til dere og det bør jo klaffe. Klem til veslejenta fra plingeling
Legg inn en kommentar