Kjære Bodil Strømsted.
Hjarteleg takk for uventa brev! Eit friskt velskrive brev,
og uventa ting gled oss kanskje mest.
Drøymer om eit stilt rom med bøker, kven gjer ikkje
det?Men det vert minder og minder tid til å roa seg der.
[...]
Olav H. Hauge - Bodil Cappelen Brev 1970- 1975
Eg starta på boka som inneheld brevkorrespondansen mellom Bodil Cappelen og Olav H. Hauge i dag.
Ovanfor er det eit utdrag av det fyrste brevet Hauge skriv til Bodil. Eg starta forsiktig å smuglese det allereie
på perrongen mens eg venta på at banen skulle kome og føre meg heim. Det var uforsiktig av meg. Fenga av det eg las, enda det med at eg med nasa altfor langt ned i boka, gjekk på feil bane. Eg las og las, og verkeleg kosa meg då eg oppdaga at eg plutseleg var komen til Tveita. (Altså ikkje riktig i det heile tatt). Forvirralusa hadde også gløymt lommeboka si på jobb - eg kunne ikkje ta buss heim, fordi eg ikkje hadde kort. Eg måtte snike på banen eit stykke tilbake, før eg så kunne snike på banen på riktig veg heim.
Hjelpes! Olav H. set meg heilt ut.
Frå no av kan berre Hauge nytast innanfor heimen.
Og forresten - tusen takk til alle som kommenterer, eg ser dykk og les dei - og set pris på det !
2 kommentarer:
haha :)
Tante Pose likte den.
Og ho likar og Olav H.Hauge så ein liten strofe til dykk 3 på austsida:
Når hausten kjem
når kulden kjem
og kveldane vert myrke
sit eg ved elden
og hullar min song-
held liv i kvida,
manar fram solminne.
Legg inn en kommentar