tirsdag 23. november 2010

Travle veker

Sjukdom, vekkreist mann og bestemor på besøk var forrige vekes ingrediensar. Når de veit grunnen, så er det nok forståeleg at eg ikkje har latt høyre frå meg på ei stund. Me var heldige, det kom mykje godt ut av den bloggfrie veka. Nedvaska kjøkken, rykande ferske bollar og kringle, over 50 porsjonar med middagsmat i alle variantar til Trultemor, ny kjole vart sydd til vesla og huset vart vaska. Skulle ynskje eg kunne seie det var eg sjølv som hadde gjort alt, men det var nok ho mor. Eg er heldig!

Min innsats gjekk i trening, og akkurat det er eg stolt av. No har me hatt nokre gode treningsdagar - me er på veg opp i antall øvingar, endeleg.

Kvelden skal eg bruka til klargjering av morgondagens økt, og nokre timar i sofakroken med ei god bok og ein kopp te. Me fyrer i ovnen og nyt vinterkvelden. Fin kveld !!

Nb. Takk til alle mine 30 støttemedlemmar hjå Hjernebarna. Me fekk applaus på årsmøtet, då me var den einaste familien som hadde sett i gang verving. Eg vonar de vil forsetje til neste år - sjølv om informasjonen frå den kanten ikkje har vore all verda.

1 kommentar:

besten sa...

Hipp hurra klart støttemedlemskapet forset, det er ikkje farleg å støtte når det nyttar. Ellers godt at du har kasta deg over tastaturet igjen, ser fram til kva som rører seg i "osloheimen" fin kveld tildeko