mandag 15. november 2010
Olav H.
Eg har lagt med feber nokre dagar = ferdig med brevvekslingane mellom Hauge og Cappelen. Det er ei flott bok, den har gjort inntrykk på meg. Tenk at dei møttes fordi Bodil Cappelen hadde lese ei diktsamling Olav H.Hauge, og sende han eit brev. Fem år med brevveksling - så stod ho plutseleg der og plukka eple i Ulvik ho også.
Har sagt det før, det er noko eige over språket hans. No har eg fått inspirasjon til å sjekke ut dikt av Robert Bly og lese Dagbøkene til Hauge som vart publisert i 2000, tippa det utgjer nokre hundre sider.
"Eg trur eg må ut å fjuka meir, det gjeng strjukande. Når ein ikkje dett ned; det er ikkje mykje å halda seg i um noko skulde klikka. "
(Sitat er henta direkte frå den flotta bokji!! )
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

1 kommentar:
Dei kjenslone kjenner eg att. Etter ein tur helikoptertur som ikkje gjekk så strjukande med styggaver og mykje problem, var me einige om ein ting etter at me landa. "Thank God for the mechanics"
Legg inn en kommentar