I det siste har det vore slik at kvar gong eg bloggar, så er det for å fortelje noko som er slitsomt og leit. Det er rett og slett fordi det siste halve året ikkje har samarbeida med oss i det heile, eller eigentleg er det ho vesla som ikkje har hatt lukka på si side.
Me har prøvd og prøvd og prøvd å få til den stakkars magen hennar, men det er jammen ikkje lett. No har me prøvd fleire ting, både anbefalt av FHC og sjukehuset, så langt har det ikkje vore mykje til hjelp. Ho har berre vorte stivare og slitt meir med mat for kvar dag som går.
Førre veke toppa det seg og ho vart innlagde på sjukehus. Det er forferdeleg å sjå på kor vondt ho har det, utan å kunne hjelpe. Nokre ting har løyst seg, men det ser ut til at det berre har vore delproblem, og at det er endå meir ein må finne ut av. Ei veke på isolat er meir enn eg har godt av, sjølv om dette skal hjelpe ho. Me passar på alt personalet som er innom, og dobbelt / trippel sjekkar at dei veit kva dei driv med og at dei er samde med kvarandre. Helsepersonell altså, eg stolar ikkje lenger på dei enn eg kan kaste dei. Ikkje særleg langt, med andre ord.
I alt kaos er det likevel nokre fine lyspunkt i huset der bebuarane er underernærte på søvn, smertefridom og skrikefri. Me held fast ved desse så godt me kan.
Lyspunkt 1:
Roma, Italia - 7. september 2012. Gifting. Mykje å førebu sjølv om ein har bryllaupsplanleggjar har eg innsett. Likevel gler eg meg og vonar vesla vår er superfrisk og rask til denne turen. Kanskje eg kan finne på å blogge litt meir om dette..?
Lyspunkt 2:
Me har samarbeid på gang med ein kul arkitekt. Huset vårt vert så fiiiiiint! Kanskje eg kan finne på å blogge litt meir om dette?
Lyspunkt 3:
Det er sommar på Sunnmøre. Ikkje så varmt, men veldig vakkert likevel. Hagen vår er så koseleg, sjølv om det renn over av sneglar! Kanskje eg kan blogge meir om det?
Og får eg litt meir tid og overskot - så vert kanskje denne bloggen litt meir liv i også.. Saknar å oppdatere, og kunne finne att postar om kva me gjorde. Det vert som ei lita dagbok.
Håpar de som framleis heng på bloggen min har gode og late sommardagar, det unnar eg dykk.
4 kommentarer:
Kjære deg! Jeg har jo skjønt at det ikke har vært så greit den siste tiden, men at det var så ille, det var jeg ikke klar over. Alt den fine, lille jenta deres skal gjennom... Og dermed også dere. Men hold fast i det fine. Det har vært redningen min gjennom tøffe perioder, selv om de har handlet om helt andre ting enn hos dere. Men lærdommen jeg sitter igjen med er vel at jeg må ta vare på mitt eget ve og vel, selv når andres på sett og vis må gå foran. Ellers går virkelig alt på tverke.
Jeg krysser alt jeg har for at det snart snur for vesla og for dere som familie. Det er dere så vel forunt! Måtte sommeren bli varm og fin på alle måter.
Mange klemmer herfra!
Tusen takk, fina! Det var hyggeleg kommentar du la att :) Klem tilbake til deg og din vesle gjeng.
Skjønne deg. Ønsker vetlejenta alt godt og gleder meg til å høre mer om sneglene;-) Hilsen meg som skal trene meg slank og spretten, så du iallefall kan kaste noen av oss litt langt.
Synnøve, du gjer sikkert ein god jobb. Men kan gjerne prøve på nokre kast neste gong me møtast! :)
Legg inn en kommentar