tirsdag 15. september 2009

mandag 14. september 2009

Valthriller

Har site på nåler heile kvelden og sett på val09. Eg kryssa fingrane for raud-grønt fleirtal, og at me slepp å ha Siv Jensen som statsminister dei komande åra. Er ikkje tidenes mest interesserte i politikk, men eg liker valvake og vert veldig interessert når ein tel opp stemmene. Har hatt besøk av ei venninne, og me har kosa oss med te, nybaka brød og sjokolade. OG VAL, då..

fredag 11. september 2009

Strålande fredag

Nydeleg dag. Varmt og fint ver, deilig haustluft og skikkeleg fredagskjensle. Starta dagen roleg med kaffi når eg kom på jobb. Etter ein rask telefon til barnehagen fekk eg bekrefta at vesletrollet hadde det bra, så eg jobba litt lenger i dag. Ekstra god fredagskjensle når ein kan gå litt før det verste rushet startar, så ein får seg sitjeplass på banen også. Eg elskar jobben min. Det er så kjekt å vere attende :0)

Det beste av alt er at me ventar besøk, besteforeldra til vesletrollet kjem i kveld og skal vere med oss i helga. Eg gler meg! Håpar på å få litt tid ute på balkongen i lag med klematisen min, er så nøgd med at den endeleg står i full blom. Eg var litt bekymra ei stund, det såg dårleg ut då det var som kaldast og surast ute. Ynskjer alle ei fin helg!

torsdag 10. september 2009

Ny fase

Lausrivingsprosjekt barnehage gjekk inn i ein ny fase på onsdag denne veka. Vesletrulta har prøvd seg aleine, mens båe foreldra har vore på jobb. Det var ikkje ei kjekk oppleving fyrste dagen, det hadde vore mykje grining, svoltestreik, tørstestreik og sovestreik. Sånn sett passa ho på at personalet hadde litt å gjere den dagen, i alle fall.

I dag hadde det gått betre, og me håpar for all del at det forset slik. Byrja verte litt vanskeleg å få jobba timane sine, dersom ein skal kome seint og reise tidleg kvar dag.

onsdag 9. september 2009

Den gong eg trudde du var gut...

I dag er det eit år sidan eg gjekk ut i svangerskapspermisjon, den dagen kjende eg meg som verdas heldigaste menneske. Dagane gjekk. Eg fylde dei med lesing i solskinet på balkongen, og brukte mykje tid på å lure på kven vesle Kolo, som babyen heitte på det tidspunktet, var. Den gongen trudde eg at veslejenta mi var ein gut. Me spurde aldri på ultralyd kva kjønn det vesle mennesket i magen var, det skulle vere ei overrasking. Eg klarte nesten ikkje vente for å finne det ut.

I etterkant er det fint, samstundes litt trist å tenkje på korleis eg sat på balkongen og kjende sparka og bevegelsane til eit lite menneske, teiknet på kor frisk og vital ho var. Eg trudde at barnet hadde heile verda for sine føter. Året som har gått har inneholdt så mykje meir og mykje anna enn det eg hadde drøymd om. Trass alt, det er èin ting som er slik eg venta det. Den sterke kjærleiken knytta til det vesle mennesket.

mandag 7. september 2009

Ny taktikk, prosjektstart og tannstatus

Ei lita trultemor, særs nøgd med sin nye taktikk...
Det er ikkje så lett å forstå seg på verda. Eit av dei store spørsmåla eg stiller meg for tida er ikkje knytt til religion, krig, politikk og eksistens. Det er av meir kvardagsleg karakter; korleis er det mogleg at mengde saft har auka etter trultemor har drukke? Er det rein magi eller ein utspekulert anti-drikke taktikk? Skubbar ho inn spytt eller? Det har i alle fall skjedd opp til fleire gongar i det siste. Det er 5 ml meir i flaska når ho er ferdig, enn då ho starta. Det ser og høyres ut som ho drikker, så dette forstår eg slett ingenting av.

I dag har Mr. Sambuar hatt sin fyrste dag i ny jobb. Eg håpar det vert så spennande og gjevande at den lange tbaneturen vil kjennast som ein leik. Det er stas med ny jobb, men heilt ærleg trur eg det var litt overveldande då han fekk tildelt kontor og eit hyggeleg; det er berre å gå i gang. Kvar skal ein starte når ein tek til på eit 5 år langt prosjekt? Direkte på kjeldelista?!

Oppdatert tannstatus: Oppsida har utligna til 3-3, etter eit nytt gjennombrot til høgre.

søndag 6. september 2009

Dette gjer meg raskare frisk

Pausebilete frå tida mi i Roma. Deilig blå himmel, sol og sommar - ikkje ei bekymring i livet, anna enn om eg rekk bort på Della Palma før dei har seld ut siste skeia med Fragola gelato.

torsdag 3. september 2009

Sjukdom i heimen

Her ligg me flate alle tre, trultemor har fått med seg sjukdom heim frå barnehagen. Det er ingen av oss som har fått krølla hale enno, så me satsa på at det ikkje er svineinfluensa.

tirsdag 1. september 2009

Til ære for Geitrams...

Dette koselege gamle August-settet har eg arva av foreldra mine, det er litt slite då det har vore i båten før eg redda det. No er koppane tilsett som blomsterpotter i vindauga på kjøkkenet mitt.

mandag 31. august 2009

Siste dag i permisjon

I dag sluttar permisjonstida mi, og i morgon startar eg på jobb igjen. Håpa dere der ute sender gode tankar når eg sitt på banen i morgontidleg, det kan eg nemleg trenge. Vesla er sjuk og har vore heime frå barnehagen i dag. Satsar på at det går fort over!

søndag 30. august 2009

Sundagskos


Te og bok ein sundag føremiddag, mens lita frøken sov godt i vogna si.

lørdag 29. august 2009

Premiar for god oppdragelse

I går var vesletrulta aleine i barnehagen i 4 timar. Etter omlag 4 nussar og klemmar, var det med tårer i augo og hjartet i halsen at eg gjekk stille og rolig ut porten. Det kjendes rart å ikkje ha med seg ei lita urokråke på tbanen, i staden for å svett skifte stillingar, riste, gynge og synge las eg faktisk i boka mi. For å vere heilt ærleg, så var det litt deilig å kunne slappe av i den situasjonen. Eg fekk premiert meg sjølv med vellukka oppdragelse av veslejenta også, eg fortente visst to nye teikneseriar. Kanon 2 (Fiske og Kverneland) og Fun Home (Alison Bechdel). Skal leggje ut meir om sistnemnte seinare.

I forbindelse med lausrivingsprosjekt barnehage, hadde eg og Mr.Sambuar telefonkontakt opp til fleire gongar, i tillegg til at barnehagen ringte oss for å fortelje at alt stod bra til. Ho kikka på dei andre ungane, sov og spiste i laupet av dagen, så det må ein seie seg nøgd med. Likevel er det tydleg at ho ikkje er vand med å vere skild så lenge frå mamma, då eg kom inn døra satte ho i eit kjempehyl for å vise kor synd det var i ho. Ho var kosesjuk og skulle ammast, ingen tvil om det. Summa summarum har det gått kjempe bra fyrste barnehageveka, det viser seg at ein ikkje skal undervudere den vesle jenta vår. Me håpa ho kjem til å forsetje å vise slike gode taktar dei komande vekene. Må forresten fortelje at oppdragelsen er ekstra god, eg fekk nemleg premie av trulta når eg kom heim, ho hadde kjøpt nellikar til meg. Heilt utan at faren var klar over det ;0) Søtingane!

I dag har me hatt besøk av oldemor, ekstra kjekt at ho kom mens me har ein god periode. Ho såg nok stor forskjell, matsituasjonen har endra seg ein heil del. I staden for å gynge frenetisk på vippestolen, synge og riste på leiker, som i sommar, kunne me konsentrere oss om maten og prate litt.

onsdag 26. august 2009

Hoa hottentott og ny lukt

Det var en liten negergutt som hette vesle Hoa
han hadde fjær på hodet sitt og ring på tommel toa
han hadde bare bukse på, og buksa den var gjort av strå
men Hoa likte buksa godt, for han var en ekte hottentott.


Ny favorittsong i heimen, Thorbjørn Egner har ei vise om ein hottentott som heiter Hoa. Den er så fin i følgje Trultemora vår, masse trommer og fløyter i songen, så då speler det ikkje noko rolle om teksten er noko politisk ukorrekt. Berre ho ikkje syng den ute blant folk så skal dette gå kjempefint :0)

No har me hatt nesten ei veke med tilvenning i barnehagen. Dag for dag utvida me med ein time, forsiktig overgang, med andre ord. Det har gått over all forventning, i dag var ho i fleire timar med dei ansatte utan at me var tilstades. Godt å sjå at ho klarer seg fint, samstundes så er det jo nesten litt trist. Også kjennes det litt rart at babyen min plutseleg lukta heilt annleis, vesletrulta lukta barnehageansatt, ikkje mamma eller pappa. Me har forresten inngått ein avtale om at ho er mest glad i foreldra sine likevel, og alltid skal verte kjempe glad for å sjå dei. Den avtalen har ho haldt til no, me får smil og koselydar når ho ser oss.

Fiske og Kverneland: Kanon

Som bibliotekarspire kjenner eg meg programforplikta til å spreie det glade bodskap om bøker, eller i dette tilfellet, teikneseriar. Kanskje ikkje fullt så intellektuelt, men det er minst like skøy. Eg kom over denne morsomme teikneserien i studietida, har lenge tenkt eg skulle lese den og no er det gjort. Det er nesten ironisk at serien dukka opp i Aftenposten sundagsutgåva, veka etter eg hadde kjøpt den. Eg har leita etter den i 2 år, og no er den altså komen i nytt opplag.

I Kanon får ein historia om Edvard Munch, August Strindberg og Kurt Schwitters sine liv i Tyskland på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900. Steffen Kverneland har flotte teikningar, i tillegg liker eg spesielt godt måten det er framstilt korleis Munch fekk idèar til bileta sine.

tirsdag 25. august 2009

Viktige detaljar

Eit lite gull med krøllar små,
ingenting lukta
deiligare
enn
nyvaska babyhår.