I forbindelse med lausrivingsprosjekt barnehage, hadde eg og Mr.Sambuar telefonkontakt opp til fleire gongar, i tillegg til at barnehagen ringte oss for å fortelje at alt stod bra til. Ho kikka på dei andre ungane, sov og spiste i laupet av dagen, så det må ein seie seg nøgd med. Likevel er det tydleg at ho ikkje er vand med å vere skild så lenge frå mamma, då eg kom inn døra satte ho i eit kjempehyl for å vise kor synd det var i ho. Ho var kosesjuk og skulle ammast, ingen tvil om det. Summa summarum har det gått kjempe bra fyrste barnehageveka, det viser seg at ein ikkje skal undervudere den vesle jenta vår. Me håpa ho kjem til å forsetje å vise slike gode taktar dei komande vekene. Må forresten fortelje at oppdragelsen er ekstra god, eg fekk nemleg premie av trulta når eg kom heim, ho hadde kjøpt nellikar til meg. Heilt utan at faren var klar over det ;0) Søtingane!
I dag har me hatt besøk av oldemor, ekstra kjekt at ho kom mens me har ein god periode. Ho såg nok stor forskjell, matsituasjonen har endra seg ein heil del. I staden for å gynge frenetisk på vippestolen, synge og riste på leiker, som i sommar, kunne me konsentrere oss om maten og prate litt.
3 kommentarer:
Hei! Er so kjekt å lesa bloggen din. So lenge sidan eg har sett deg, so det er kjekt å fylgja med på korleis de har da. Geitrams so informerte meg om bloggen din! :D
Er ei litt nervøs barnehagemor sjølv, der fyrsta veko til vetla jento har gått forbi. Tida går so fort, plutselig begynner dei snart på skulen! :D
Gledar meg til å lesa meir!
Stor klem Silje
Så kjekt å høre at gullet har hatt det bra i barnehagen. Dette kommer til å gå som smurt fremover!Godt at dere kan få litt fri,det fortjener dere !Gler meg til å besøke dere. Syntes det blei for lenge å vente til nov.
Du skriver godt, og vi får ta del i utviklingen av gullet på en god måte.
Hilsen bestemor i Å
Silje: Veldig glad for kommentarar, det er litt meir spennande å skrive når ein veit at nokon følgjer med der ute. Lenge sidan sist,ja - men me treff nok plutseleg kvarandre att. Lukke til med bhg.de også, det er litt skummelt.
Bestemor: me gler oss til de kjem :0)
Legg inn en kommentar