tirsdag 3. november 2009
Hurra!
Eg har mykje å juble for i dag.
For eksempel kunne eg ha jubla over at eg ikkje vart dårleg då eg presterte å drikke ei 14 dagar gamal mjølk i helga... (eg sparte den til vafler, men gjekk på limpinnen og drakk den sjølv i stadenfor).
Eg kunne juble for mi kjære dotter, som har vore fantastisk flink på trening i dag.
For Glenn Doman, som gjev meg idear og "boost" til å forsetje.
Og for at det endeleg er november, og den tunge månaden er over. No kan eg sjå framover!
I staden for jublar eg for min kjære far.
Det er eit år sidan han låg på Rikshospitalet. Ingen visste sikkert korleis dette kom til å gå. Heldigvis var det noko som gjekk på skinner i fjor, og det har vore fantastisk å stå ved sida og sjå kva innverknad heile operasjonen har hatt på han. Det er fint å ha ein frisk og rask pappa!
Og kjære bror, eg jublar for deg også.
Eg veit du ikkje vil høyre noko om det, men likevel;
tusen takk!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

5 kommentarer:
Sant nok me jublar for lite, utruleg mykje å feira, bestemor og eg kan til dømes jubla for fantastiske born og svigerborn, 3 alle tiders borneborn som me med stor glede ser vaksa opp. Og på denne dagen ikkje minst gleda av å sleppa ta dialyse annakvar dag. I kvardagen har me nok for lett for å berre sjå problema (utfordringane) Difor er det viktig å stoppa opp og ta ein jubeldag. Fint at du minna oss om det.
Takk for jubel. Det går bra, er glad eg har gjennomført.
Eg jublar tilbake over veslejenta og flinke, sterke og gode dere.
Jeg ble glad av å lese dette. :-) Gleder meg til å see deg igjen-- etter innlevering en gang! Klem fra Elise
Når er innlevering? Tenkjer på deg midt oppi alt, håpa det går superbra med siste innspurten.
Gler meg til å sjå deg også!
Takk for å kjenne lukka... Denne lukka kjenner eg på, som har vore på fagseminar på SUFH i Ulsteinvik med LIVEÅTTE som arr. Temaet var: Over all forventning. Doman-metoden vart bevist nok ein gong... Magne Domantrener Skåden er ein helt! Anne Lene Johnsen snakka om: "med hjernen som utg.pkt. for auka livskvalitet". Heidi Aabrekk: "om å ta barn sin lærevilje og læreevne på alvor". Tips om LIVEÅTTE si nettside( www.liveatte.no), etterkvart med linkar til desse foredraga m.m.
Anita
Legg inn en kommentar