lørdag 28. november 2009

Oppskrift på ei fryktleg krevjande veke



1 forsvunnen sambuar.
1 skrikete og sjukt barn.
1 bestemor, som er hjelpsom som husmor.
(men som ikkje er god nok til bæring for vesla.)
 = 1 frykteleg sleten mamma

Tidlegare denne veka sa eg at eg skulle prøve å vere litt meir utfyllande. Eg har diverre ikkje rukke noko som helst anna enn trøsting og bæring dei siste dagane. No er bestemor sendt heim med tårer i augnekroken, og Mr. Sambuar er på veg heimatt til oss. Eg håpar inderleg at helga vert mykje betre enn dei andre dagane denne veka. Uansett har eg tenkt å sove leeeeeeeenge i morgon, sjølv om det ikkje er min bursdag. Noko må ein vel få att som gode når ein har vore heime og jobba slik?! Håpar bestemor også får sove lenge og full oppvartning når ho er heime hjå seg sjølv.


Midt oppi alt ståket har eg fått ein nyvaska heim, 3 ferske brød, ei kake og masse reine klede. Det har vore rein luksus, og eg ser at eg godt kan ynskje meg ein hushjelp i jolegåve i år. I går kveld hadde vesla ein pause, då tok me til med pepperkakebaking. Og no har eg ein koseleg adventskalendar hengande i vindauget.

2 kommentarer:

besten sa...

Høyrest bra ut da mesta, men vert nok stas å få pappen sin heim att. Sit på spranget for å plukka "hushjelpa" dykkar av toget å få ho heim, var visst problem med køyreleidningane på toget, ikkje rart dei feira jo 100 års jubileum, kanskje på tide å skifta dei. Ynskje deko ein fin kveld.

Geitrams sa...

Godt du har gode bestemødre til hjelp - dei er gull verdt :)
Det merkar ein nok veldig når desse små kreve sitt.